Fjern eksamen!

Mia Cathryn Haugen Chamberlain, fylkesstyremedlem i Hordaland Sosialistisk Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Å jukse på eksamen er eit teikn på dårleg moral», seier rektor under den obligatoriske eksamensorienteringa. Vidare minner han oss på kor urettferdig det er for dei elevane som følgjer reglane, at andre juksar.

Eg sit og høyrer på og strevar med å forstå kvifor vi framleis har dette utdaterte systemet -kjent som eksamen. Eg betraktar det ikkje som urettferdig at andre juksar. Eg betraktar heller ikkje juks som eit teikn på dårleg moral.

Eg betraktar eksamen som urettferdig og eg betraktar juks som eit resultat av eit engasjerandeskulesystem med latterleg mykje press på elevane.

Mia Cathryn Haugen Chamberlain Foto: Privat

Eksamen er eit 200 år gamalt system som byggjer på at tilfeldigheiter avgjer framtida vår. Det er eit system som byggjer på at fem timar skriving skal telje like mykje som eit års arbeid. Det er eit system som viser nulltoleranse for menneskeleg framferd. Om kjærasten din dumper deg dagen før eksamen eller om du blir spysjuk, kan det føre til at du må setje framtida på vent for å ta opp igjen denne latterlege testordninga. For ikkje å snakke om kor mykje pengar dette vil koste om grunngjevinga di for å ikkje møte opp eller for at du gjorde det dårleg ikkje kan bekreftast av ein lege.

Så har ein dei som er friske, som kunne gjort det fantastisk på ein eksamen i Politikk og Menneskerettar, men vedkommande kjem opp i sidemål, det eine faget personen gjer det dårleg i. Framtida vår burde ikkje avgjerast av tilfeldigheiter. Me treng ei modernisering av dagens skulesystem.

Me treng å fjerne eksamen. Ikkje fordi vi er late, ikkje fordi vi ikkje gidd, men fordi eksamensordninga er grunnleggjande urettferdig.

LES OGSÅ: «Ein innsats mot eksamen»  

Me kan få inn nye vurderingsformar! Som til dømes mappevurdering. Dette er ein vurderingsform som samlar saman arbeidet eleven har gjort i løpet av året og tar til betraktning den faglege utviklinga hjå eleven. Denne vurderinga er mykje meir rettferdig og skapar eit heilskapleg bilete av eleven sine evner i faget.

Derfor sit eg ikkje på eksamensorienteringa og fordømmer juks som det største problemet i norsk skule. Juks er eit problem, men eksamen er institusjonalisert urettferd. Eg sit difor heller og tenkjer på kor fantastisk det hadde vore om skulen kunne vore rettferdig? Dette er ein av våre aller viktigaste institusjonar. Skulen bør difor reflektere rettferd som ein verdi i det norske samfunnet!

Eg håpar at elevar som kan røyste ved årets stortingsval tar til orde for eit betre og meir rettferdig skulesystem. Røyst på partia som ønskjer å fjerne eksamen. Røyst for ein rettferdig skule!

Det kan ikkje berre ha vore meg som satt og funderte over galskapen til eksamenssystemet under den orienteringa.

Syntest du eksamen i Noreg er ille? I Kina kan eksamenkarakteren øydelegge elevanes framtid