Klima og miljø

«Vi kan ikkje tillate at menneskerettane vik for vindturbinar»

Det er på høg tid at vi alle reiser oss og krev rettferd for samane og for naturen på Fosen, skriv Marte Hansen Haugan i Changemaker.

Marte Hansen Haugan (23)
Leder i Changemaker
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No har to år gått sidan Høgsterett klårt stadfesta at løyvet til å byggje vindkraftanlegget på Fosen er ugyldig, fordi det bryt med samane sine rettar.

Eit toårsjubileum som ingen har grunn til å feire, for vi står framleis overfor ein provoserande og handlingslaus reaksjon frå staten si side.

Det er særs provoserande at sjølv om Høgsterett klart har gjeve domen sin, har ikkje staten gjort noko som helst for å rette opp dette alvorlege menneskerettsbrotet. Vindturbinane på Fosen representerer ikkje berre ein trussel mot den unike naturen på halvøya, dei truar også den urgamle reindriftsnæringa som samane har dyrka i fleire hundre år. Reindrifta er ein grunnstein i den samiske kulturen og identiteten, og det er hjarteskjerande å sjå korleis ho er trua av kortsiktig økonomisk vinning.

quote-left

Menneskerettar er ikkje noko vi kan ta for gitt.

quote-right

Regjeringa må no endeleg setje i gang handling for å rette opp dette menneskerettsbrotet. Det er på høg tid at dei tek saka på alvor og prioriterer samane sine rettar. Menneskerettar er ikkje noko vi kan ta for gitt. Dei er fundamentale for eit rettferdig og inkluderande samfunn, og det er vår plikt å verne om dei.

Eg støttar dei modige aksjonistane som har sett livet sitt på vent for å kjempe denne kampen. Engasjementet og standhaftigheita deira er inspirerande, og dei fortener all vår støtte. Dei minner oss om viktigheita av å stå opp for det som er rett, sjølv når det krev personlege offer.

Det er viktig å avlive feilinformasjon som har vorte spreidd om reindriftsnæringa. Det blir ofte påstått at 40 prosent av Noregs landareal blir brukt til reinbeite. Dette villeiande talet har vorte brukt som eit argument for å forsvare vindturbinane på Fosen, men no er det på høg tid å avsløre slike feilaktige påstandar og sjå verkelegheita i auga.

quote-left

Samane sine rettar blir ikkje prioriterte i det heile tatt. Historia syner det, men politikken som blir ført no syner det òg.

quote-right

Meklingsprosessen som starta i mai, kan umogleg ha ført til noko positivt for reindriftsutøvarane i området når Terje Haugen, leiar for Fosen Njaarke Sijte, uttrykkjer sin frustrasjon og vurderer å bryte forhandlingane. Ifølgje han har det ikkje vore nokon framgang, og det er på tide at partane set seg ned og finn ei reell løysing som tek omsyn til samane sine rettar.

Det er òg viktig å halde selskap som Statkraft ansvarlege, som har tent stort på desse vindturbinane. Aksjonistane sine handlingar, som blokkerte inngangen til Statkraft, minner oss om at selskapa som nyttar slike prosjekt også må ta ansvar for dei negative konsekvensane dei påfører samfunnet og naturen.

Samane sine rettar blir ikkje prioriterte i det heile tatt. Historia syner det, men politikken som blir ført no syner det òg. Vi kan ikkje halde fram å ignorere denne urettferda. Det er på høg tid at vi alle reiser oss og krev rettferd for samane og for naturen på Fosen. Vi kan ikkje tillate at menneskerettane vik for vindturbinar. No er tida inne for å rive ned det som er bygd i strid med lova og starte på nytt med respekt for samane sine rettar og naturverdiane.