«Eg meiner eksamen er utdatert, at han er upraktisk, at han er tilfeldig, at ein dårleg dag kan øydeleggja eit liv», skriv Emil Hosøy (18).

Emil Askvik Hosøy, elev ved Hafstad vgs. i Førde
Emil Askvik Hosøy, elev ved Hafstad vgs. i Førde

«No er ho her igjen; den frykta eksamenstida!» Slik er det mange lesarinnlegg som har begynt. Og det er sant. Eksamenstida er jo her igjen, like sikkert som at sola står opp om morgonen.

Og nett like forutsigbare er alle dei titals lesarinnlegga som vert trykte i aviser og nettaviser, som går hardt ut mot denne vurderingsforma. Alle argumenta vert resirkulerte; eksamen er gammaldags, han er upraktisk, han viser ikkje kompetansen til eleven, osv. osv.

Engasjerer ungdommen
Av og til kan det til og med verka som om elevane brukar meir energi på å kritisera enn å faktisk arbeida med eksamen. Og det er bra. Det er kjempeflott! Det er ei av dei få sakene som enno ser ut til å engasjera ungdommen politisk. 

Og det er ikkje berre ungdommen. Både foreldre, lærarar og politikarar går ut kvart år og går saman med elevar og studentar med eit mål om endring.

Som dogg for sola
Trass dette engasjementet føreligg det eit vesentleg problem; når eksamenstida er slutt forsvinn entusiasmen som dogg for sola. Når alt er over og alle karakterar er utdelte trekk ein på skuldrene og tar sumarferie. Då er ein jo ferdig, og ein har så mange andre ting å tenkja på. Dette er nok grunnen til at ein slik utdatert, tilfeldig vurderingsform har overlevd til moderne tid.

Berre for å vera heilt klar; eg meiner eksamen er utdatert, at han er upraktisk, at han er tilfeldig, at ein dårleg dag kan øydeleggja eit liv. Eg er einig i alle dei gamle argumenta. Men, til forskjell for dei fleste, tenkjer eg på det året rundt. Eg har endå mange eksamenar framføre meg, eg har venar som har det, eg har sysken som har det. Grunnen til at eg vel å engasjera folk no, er at interessa i resten av samfunnet på denne tida er høg.

Mappevurdering er svaret
Då er det vel på tide å spørja; kva er alternativet? Mitt svar er mappevurdering. Denne vurderingsforma, som vert brukt særs lite i norsk skule, består av mange nøkkelarbeid eleven har gjennomført over ein periode. Dette gjev ei god oversikt over den akademiske utviklinga til eleven over tid, i staden for kunnskapen innanfor eit smalt felt på eit spesielt tidspunkt, slik som eksamen. Den går altså til livs ein av hovudkritikkane på eksamen. 

Lykke til med eksamen alle saman. La oss håpa at det er annleis neste år.

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE