Målungdommen si ønskjeliste til ministeren for høgare utdanning
«Om norsk språk tapar terreng, er det ikkje berre eit tap for akademia, men òg for resten av samfunnet», skriv leiar av Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Norsk Målungdom er glade for at Oddmund Løkensgard Hoel er vorte utnemnd som statsråd for forsking og høgare utdanning. Me har store forventingar til Hoel, som er tidlegare leiar i Noregs Mållag og medlem i Norsk Målungdom.
Norsk språk er under press i høgare utdanning og forsking
Norsk språk er under press i høgare utdanning og forsking. Om norsk språk tapar terreng, er det ikkje berre eit tap for akademia, men òg for resten av samfunnet. I fjor fekk me ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. Dette er eit viktig hjelpemiddel i arbeidet for norsk språk som heilskap. Det er viktig at denne blir følgd opp.
Me har ei ønskjeliste til statsråden med viktige tiltak:
Handlingsplan for norsk fagspråk
Staten må sikre at tiltaka i handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia blir tekne i bruk og følgde opp, og i lag med institusjonane sikre at det er sett av nok tid og tilstrekkelege økonomiske midlar til å følgje opp fagspråksansvaret til universiteta og høgskulane. Dersom institusjonane over tid bryt med språkpolitikken, eller ikkje viser vilje til å rette opp i saka, må dette få konsekvensar.
Utdanningsinstitusjonar under språklova
Alle offentleg finansierte universitet og høgskular skal vera underlagde språklova som nasjonale statsorgan. Dette må også gjelda studentsamskipnadane.
Lærebøker på nynorsk
Det må i større grad vera lukrativt å utarbeide lærebøker på norsk. Dette er ein viktig del av formidlingsarbeidet i sektoren. Staten må løyve meir pengar til arbeidet, og ein viss del av potten må vera øyremerkt nynorske utgjevingar. Særskilt viktig er det med nynorsk pensumstoff på utdanningar til yrke og profesjonar der nynorskkompetansen er viktig, slik som juss, lærar-, journalist- og andre profesjonsutdanningar.
Eksamen på nynorsk
Retten til eksamen på ynskt skriftspråk må utvidast til å gjelda alle arbeidskrav, også midtvegseksamenar og obligatoriske oppgåver. Denne retten må vera lovfesta.
Fagspråk på minoritetsspråk
Staten må løyve pengar og leggje til rette for utvikling av fagspråk også på dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk.
Teiknspråkutdanning
Staten må også leggja til rette for gode teiknspråktolkutdanningar, for å sikra at det er tilgang til kvalifisert teiknspråktolking i det norske samfunnet.
Me ønskjer statsråden til lukke med utnemninga, og ser fram til eit godt samarbeid for å sikre gode vilkår for norsk språk generelt, og nynorsk spesielt, i akademia og høgare utdanning.