Ny forsking: Anoreksi kan ha genetiske årsaker

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Anoreksi kan ha genetiske årsaker

Både arv og miljø bidreg til anoreksi, men det har fram til no ikkje vore kjent kva genetiske risikofaktorar som kan vere årsaker ligg til grunn for sjukdommen. Eit internasjonalt forskarteam har no funne ein genvariant som viser at anoreksi både kan ha psykiske og metabolske årsaker (som har med stoffskifte å gjere), skriv Folkehelseinstituttet på sine nettsider.

Over 220 forskarar har delteke i arbeidet med å kartlegge genetiske risikofaktorar som ligg til grunn for sjukdomen.

– Kanskje kan vi snart sjå på anoreksi ikkje berre som ei psykisk liding, men også som ein metabolsk sjukdom, uttala leiar av Folkehelseinstituttet si avdeling for psykiske lidingar, Ted Reichborn-Kjennerud, som også deltok i studien, i pressemeldinga.

For å finne ut kva som skil personar med anoreksi frå friske, har det internasjonale forskarteamet analysert heile genomet til 3 495 personar med anoreksi og ei kontrollgruppe på 10 982 personar.

– Eit viktig første steg
I forskingsartikkelen presiserer forskarane at dei har nytta alle dei tilgjengelege dataa om personar med anoreksi som finst i verda. Resultata deira er så langt ein kan kome på det noverande tidspunkt. Postdoktor ved Oslo Universitetssjukehus, Thomas Fleischer, meiner at konklusjonane er til å stole på.

– Slik eg vurderer studien har dei nytta etablerte metodar og eit robust datamateriale. Dette er eit viktig første steg i å sannsynleggjere og forklare den genetiske komponenten i anoreksi, seier Fleischer til Framtida.no.

Postdoktoren forskar på brystkreft, og understrekar at han uttalar seg om metodane og funna i forskingsrapporten på generelt grunnlag.

Assosiasjon, ikkje årsak
– Forskarane har sett etter genvariantar som er assosiert med anoreksi. Ordet assosiasjon er utydeleg med vilje, fordi dei veit ikkje om genvarianten er årsaka til sjukdomen, eller om den er å finne blant fleire av dei med anoreksi av ein annan grunn. Den er der, men dei veit ikkje kva den gjer, kommenterer Fleischer.

Metoden vert kalla Genome-Wide Assosiation Studies (GWAS), og er eit viktig verktøy for å finne ut kva genvariantar som er assosiert med ulike sjukdommar.

Eitt av funna frå studien er at det er ein særskild genvariant som oftare er å finne hos personar med anoreksi samanlikna med friske. Genvarianten er på kromosom 12, og ligg ved sidan av genvariantar som andre forskarar har funne hos personar med diabetes type 1 og auto-immune sjukdomar.

20 prosent genetikk
Forskarane anslår at om lag 20 prosent av risikoen for å utvikle anoreksi kjem frå genetiske årsaker. For å samanlikne anoreksi med andre sjukdommar, har forskarane leita etter genetiske likskapar mellom anoreksi og 159 andre diagnosar eller tilstandar.

Dei fann at personar som har anoreksi er genetisk litt likare med personar som har andre psykiatriske diagnosar, slik som nevrotisisme eller schizofreni.

Dei fann også at personar med anoreksi er genetisk ulike med personar som er overvektige eller har ekstremt høg BMI (metabolske sjukdomar).

Langt att til ny behandling
– Kor langt er det herifrå til ny behandling?

– Det er kjempelangt fram. Det som er viktig med denne studien er at den sannsynleggjer ein genetisk komponent i anoreksi. Kanskje det kan hjelpe nokre pasientar til å kjenne mindre skuld dersom dei får vite at nokre av årsakene kan vere tilfeldig genetikk, men det er langt fram til ny behandling, seier Fleischer.

Vidare arbeid må til for å finne ut korleis denne nye genvarianten kan påverke anoreksi, samt ei betre forståing av korleis psykiske og fysiske sjukdomar heng saman.

Forskarane avlsuttar rapporten sin slik:

«På same måten som overvekt er sett på som både ein metabolsk og psykiatrisk sjukdom, kan det å tilnærme seg anoreksi som både ein psykisk og metabolsk sjukdom vekke interessa til å utvikle eller tilpasse legemiddel til behandling av sjukdomen.»

LES OGSÅ: Denne filmskaparen tok med seg kamera då ho vart innlagt på psykiatrisk sjukehus