No fullfører tre av fire elevar innan fem år.

NPK-NTB
NPK-NTB

Nesten 65.000 elevar starta vidaregåande opplæring første gong hausten 2011. Fem år seinare hadde 73 prosent av desse elevane fullført og oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.

Dette er ein auke på over 3 prosentpoeng samanlikna med det første kullet som begynte i vidaregåande etter innføringa av Kunnskapsløftet i 2006, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Kvinner gjennomfører i noko større grad enn menn. 78 prosent av dei kvinnelege elevane bestod den vidaregåande opplæringa i løpet av fem år. Blant dei mannlege elevane gjennomførte 68 prosent vidaregåande skule i løpet av fem år.

LES OGSÅ: Kraftig nedgang i fråværet etter innføring av fråværsgrense

Finnmark er framleis fylket med den lågaste delen elevar som fullfører med studie- eller yrkeskompetanse, men gapet til dei andre fylka minkar.

Av dei som starta på vidaregåande i 2006 hadde knapt 50 prosent av elevane i Finnmark fullført med studie- eller yrkeskompetanse fem år seinare, rundt 20 prosentpoeng lågare enn i landet samla sett. For 2011-kullet i Finnmark hadde delen gått opp til over 64 prosent.

LES OGSÅ: Kunnskapsministeren besøkte landets beste vidaregåande skule


Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.31
ANNONSE