Fredrikstad kåra til den mest attraktive byen i Noreg
Får skryt for sykkelsatsing og gratis ferje.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fredrikstad peikar seg ut på område som andre byar og tettstadar kan la seg inspirere av, er grunngjevinga frå juryen for å gi Statens pris for attraktiv by.
– Fredrikstad viser vilje til å ta i bruk ny kunnskap, metodar og verktøy for å fremme utviklinga i byen, meiner juryen, som er utnemnt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Juryen lar seg imponere av arbeidet kommunen har gjort for tilrettelegging for sykling og kollektivtilbod. Blant anna blir vedtaket om å gjere ferja over Glomma gratis applaudert. Sidan 2014 har talet på reisande auka frå 300.000 til 1,25 millionar i året.
– Gratis kollektivtransport med byferja er eit innovativt grep for å auke bruken og oppslutninga om byen. Budsjettering ut frå deltaking gir auka lokaldemokrati, og generell satsing på sentrum har gjort at juryen valde Fredrikstad, seier juryleiar Erling Dokk Holm.
LES OGSÅ: I oktober gav Fredriksstad Blad ut ei heil e-utgåve på nynorsk!
Dei to andre kandidatane som var aktuelle til kåringa av den mest attraktive byen i 2017, var Arendal og Egersund.
Statens pris for attraktiv by er sett saman av 250.000 kroner, eit diplom og ein plakett som kan bli sett opp på staden.
Prisen blir delt ut årleg og har som mål å lønne byar med berekraftig utvikling. Økonomiske, sosiale og miljømessige dimensjonar blir lagt til grunn for avgjerda.
LES OGSÅ: Dei vil gjera Fredrikstad til nynorskhovudstad i aust