Innvandrarar får ny nynorsk lærebok

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har møtt mange som har spurt etter læreverk på nynorsk. Vi trur at God i norsk vil dekke eit behov, seier kommunikasjonskonsulent Øystein Haugsbø på telefon til Framtida.no.

Han er ein av dei som har pressa på for at Aschehoug satsar på nynorsk når dei gjev ut sitt eige læreverk for vaksne innvandrarar. Frå før har Cappelen Damm og Fagbokforlaget gitt ut nynorske læreverk for minoritetsspråklege i vaksenopplæringa.

Aschehoug Undervisning står bak det nye læreverket i norsk, kalla God i norskForfattarane er Jannecke Hofset frå Ålesund og Lena Berg frå Elverum, og både læreboka og den tilhøyrande arbeidsboka kjem ut både på bokmål og nynorsk.

– Lærarar som er interesserte i God i norsk kan få tilsendt eit eksemplar, anten på bokmål eller på nynorsk, heilt gratis, opplyser Haugsbø.

Stort behov
For to år sidan starta Noregs Mållag eit prosjekt for å kartlegge vaksenopplæringa på nynorsk i kommunane. Hausten 2015 var det berre 39 av 113 kommunar som tilbydde opplæring på nynorsk etter vedtak. No opplyser mållaget at talet har stige til 51 kommunar.

– Det aller beste hadde vore om det vart lovfesta at alle lærebøkene som skal nyttast i vaksenopplæringa skal finnast både på nynorsk og på bokmål, slik som det er med lærebøker i grunnskulen og i vidaregåande skule, seier leiar i mållaget, Magne Aasbrenn, på telefon til Framtida.no.

Han trur det er viktig for at lærebøker som skal nyttast i vaksenopplæringa kjennest relevante for innvandrarane uansett kvar dei bur.

– Behovet for nynorske lærebøker er veldig stort, så det er veldig fint at eit så stort forlag som Aschehoug no kjem inn i undervisningssystemet. Det er eit signal om at utvalet har vore for lite, seier Aasbrenn.