Osloelevane får nytte nynorske temasider om bioteknologi på eksamen
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nynorskhjelp for Osloskulen
– For første gong kan elevane i Osloskolen i år bruke nettsidene våre som fagressurs på eksamen. Vi ønsker alle vidaregåande-elevar som tar Biologi2 lykke til med eksamen i dag!, skriv Bioteknologirådet på sine Facebook-sider.
Av dei 17 temasidene er det fire som er på nynorsk. Dei omhandlar fosterdiagnostikk, genmodifiserte planter og mat, genmodifiserte dyr og mikroorganismar samt bioteknologi og helse i Sør.
Kommunikasjonssjef i sekretariatet i Bioteknologirådet, Hallvard Kvale, skriv i ein epost til Framtida.no sidan Bioteknologirådet er eit statleg organ, er dei pålagde å nytte 25 prosent nynorsk i all publisering på nett.
– I fjor innfridde vi krava på alle stadene der vi vert målt, inkludert sosiale medium, nettsider og publikasjonar, seier Kvale.
Nynorsk fagterminologi
Han fortel at sekretariatet har starta med ein årleg gjennomgang for å halde informasjonen på temasidene oppdatert.
– Vi får ein del tilbakemeldingar frå lærarar om at dei synest utviklinga på fagfelta går så raskt at lærebøkene slit med å henge med, slik at dei brukar temasidene våre mykje. Det er difor veldig viktig for oss å sørgje for at temasidene er ein oppdatert fagressurs, forklarar Kvale.
– Det er positivt at Oslo-elevane får sjå sidemålet sitt i fleire samanhengar, seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom, og fortel at ho gjerne vil ha meir nynorsk på Bioteknologirådet sine websider.
– Det bidreg også til gjere nynorsk fagterminologi meir tilgjengeleg, og det trengs for å styrke nynorsken, seier ho.
Då ho vart attvald som leiar for Norsk Målungdom i fjor vår, uttala Sætre at «– Nynorsk må brukast i andre fag enn nynorsk»