Høgskular og universitet bryt mållova

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkrådet ser til at statlege institusjonar følgjer mållova, som seier at begge målformene skal vere representerte med minst 25 prosent i den skriftlege informasjon til publikum. Men Språkrådet slit med å få universitet og høgskular til å ta lova på alvor.

«Målveksling» 
Kvart år leverer institusjonane inn ein rapport om«målveksling» til Språkrådet. Fristen var 31. januar i år, men Språkrådet har enno ikkje fått inn svar frå alle, og fleire av dei som har levert har sendt inn mangelfulle rapportar. 

Ingen av dei høgare utdanningsinstitusjonane som har levert rapport for 2016 oppfyller mållova, viser brev som nettavisa Khrono har fått innsyn i hos Språkrådet.

– Universitet og høgskular har eit særleg ansvar for språk, og dette er hjemla i universitets- og høgskulelova. Og viss dei ikkje svarar på brev frå Språkrådet så bryt dei forvaltningslova òg, seier språkdirektør Åse Wetås til Khrono.


Språkdirektør Åse Wetås ber utdanningsinstitusjonane om å skjerpe seg. Foto: Språkrådet

Provosert mållagsleiar
Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, er provosert over at norske utdanningsinstitusjonar ikkje følgjer norsk lov.

– For det første er det slik at mange institusjonar ikkje ein gong gidd å rapportere. Fristen i år var 31. januar, og enno er det minst ni institusjonar som ikkje har gidda å svare. For det andre er det ingen av institusjonane som oppfyller krava når først rapporten ligg føre, seier Aasbrenn i ei pressemelding.

Han meiner at Noreg bør vurdere å gje bøter for brot på mållova.

«Ei ny språklov har vore varsla lenge. Når ho kjem, må ho gi Språkrådet tydelege tilsyns- og sanksjonsoppgåver overfor offentlege institusjonar som høgskolar og universitet,» heiter det i pressemeldinga.

For lite nynorsk ved HiOA
Høgskulen i Oslo og Akershus har sjølv meldt inn at berre 4 av 153 skjema ligg føre på begge målformer. Berre 3,2 prosent av sakene på hioa.no og 5,9 prosent av meldingane i sosiale medium er på nynorsk.

– Nå må leiinga ved denne høgskolen og alle dei andre institusjonane straks følgje eksempelet til direktøren ved Universitetet i Oslo, Gunn Elin Aa. Bjørneboe, som har sendt brev til alle einingane ved UiO og bede om at kvar fjerde sak på nettsidene og kvar fjerde melding som går ut i sosiale medium som Twitter og Facebook, skal vere på nynorsk, seier Aasbrenn.

LES OGSÅ: NTNU er nynorskversting

Beklagar på bokmål
Ved Høgskulen i Volda er situasjonen ein ganske anna, dei skriv for mykje nynorsk. Berre 16 av 32 skjema finst på begge målformene. 

Ifølge rapporten frå Språkrådet oppfyller nettsida hivolda.no mållova med 67,5 prosent nynorsk, mens på nernett.no har dei berre 11,5 prosent. I andre publikasjonar har høgskulen for lite bokmål.

Rektor ved HiVolda, Johann Roppen, legg seg flat, og beklagar ovanfor Khrono at dei bryt mållova.

«Mållova har vi meget stor respekt for, og det burde alle andre også ha. Det er nok likevel atskillig flere institusjoner som bryter lova den andre vegen, altså ved å ha for mye bokmål og ikke for mye nynorsk. Så kanskje burde man også i denne diskusjonen se på universitets- og høgskolesektoren samla sett og ikke bare på enkeltinstitusjoner», skriv Roppen  på bokmål.