Ap vil ha krav om fleire helsesøstrer

AUF fekk fleirtal for å innføra krav til talet på helsesøstrer i skulehelsetenesta. Mange kommunar og fylke har ein lang veg å gå.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tilbodet i dag er dessverre veldig variabelt og ofte ikkje til stades. Det er totalt uakseptabelt, og difor er eg glad for at Arbeidarpartiet no går til val på at det skal vera helsesøster på alle skular kvar einaste dag slik at norske skuleelevar får den tryggheita dei fortener, seier AUF-leiar Mani Hussaini til Framtida.no i ein epost.

Landsmøtet til Arbeidarpartiet vedtok i helga å innføra ein nasjonal bemanningsnorm for skulehelsetenesta i tråd med Helsedirektoratet sine tilrådingar.

Det vil seia 3,5 helsesysterårsverk per 1000 elevar i barneskule, 1,8 per 1000 elevar i ungdomsskulen og 1,3 per 1000 elevar i vidaregåande skule.

Mange fylke og kommunar ligg under kravet

Ei kartlegging frå Helsedirektoratet i fjor viste at 14 av 19 fylke ligg under bemanningsnorma for vidaregåande skule.

For ungdomsskulane, som blir drivne av kommunane, er det snittet for fem fylke som ligg under kravet for bemanningsnorm i ungdomsskulen.

– Påkjenningane vert større for kvar dag som går utan at ungdom som slit får den støtta dei har behov for. Den einaste måten å hindra dette på er å førebygge så tidleg som mogleg gjennom skulehelsetenesta, seier Hussaini..

– Kva meiner du skal til for at alle fylka skal klara kravet?

– For at norma skal oppfyllast må det sjølvsagd følgje med meir pengar til fylka og kommunane slik at dei har råd til å tilsetja fleire helsesøstrer. Difor meiner me at pengar til skulehelsetenesta må øyremerkast, og det har me heldigvis fått med oss landsmøtet til Arbeidarpartiet på, held Mani Hussaini fram.