Armbandsur blir forbode på eksamen

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette blir forbode på eksamen

Går du med armbandsur, må du frå no av ta det av deg før du går opp til eksamen ved Universitetet i Oslo (UiO). Universitetet melder i dag at klokkene er forbodne ved eksamen frå og med 18. april, og må heretter leggjast i sekken saman med mobiltelefonen og andre elektroniske dingsar.

Grunnen er alle dei nye smartklokkene som har kome på marknaden. Slike klokker kan til dømes ha kalkulator og internettilgang, men er ikkje mogleg å skilja frå tradisjonelle armbandsur, meiner UiO. Difor blir alle klokker råka av forbodet.

Om nokon blir tatt med ei klokke rundt armen på eksamen, vil dette bli rekna som eit forsøk på fusk på line med andre ulovlege hjelpemiddel.

I fjor melde NRK at bruk av smartklokke var forbode både ved Universitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen og delar av Universitetet i Agder. UiO går altså eitt steg lenger og forbyr alle klokker.

LES OGSÅ: Student? Her er rettane dine på eksamen!