– Kunnskap er det som vil gjere oss berekraftige

Påtroppande leiar i Norsk studentorganisasjon, Mats Johansen Beldo, meiner høgare utdanning er nøkkelen til omstilling.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er viktig at studentar har ein organisasjon som løftar studentane si stemme til regjering, stortinget, myndigheiter og samfunnet. Det er NSO, skriv Mats Beldo Johansen i ein e-post til Framtida.no.

Under landsmøtet i helga vart 23-åringen frå Alta valt til ny leiar i Norsk Studentorganisasjon, framfor UiO-student Hans Christian Pauslen, som var innstilt til vervet. Årets valkomité har fått kritikk for å vera for oslosentrert i sine innstillingar, som delegatane trossa.

Beldo held på med ein master i organisasjon og leiing ved UiT – Norges arktiske universitet, men frå sommaren skal han representera 230 000 norske studentar på fulltid. Han tek over vervet etter Marianne Andenæs.

LES OGSÅ: – Politikarane skal konkurrera om å ha best utdanningspolitikk

Me har spurt den nye NSO-leiaren kva saker han vil jobba for i året som kjem.

#Studentkravet
– Kva er dei viktigaste sakene dykkar i 2017? 

– Å jobba for at #studentkravet blir ein viktig del av stortingsvalkampen og grunnfesta i ei regjeringserklæring. Kunnskap og høgare utdanning vil vere viktig for at Noreg skal kunne omstille seg i åra framover. Kunnskap er det som vil gjere oss berekraftige på ny, og det er viktig at NSO jobbar for å synleggjere dette, særleg i eit valår!

– Kva vil Norsk Studentorganisasjon merka av forskjell med deg som leiar?

– De vil merka at vi har fått ein engasjert finnmarking som ønskjer å løfte organisasjon vidare frå den gode staden vi er nå. Eg ønskjer at NSO framleis skal vere ei klar og tydeleg stemme i samfunnsdebatten og for å påverke til nye gjennomslag for studentane.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Som student har du moglegheit for å påverke avgjerder som har innverknad på studiekvardagen din. Difor blei eg med i studentpolitikken ved UiT. Det å jobbe for at alle studentane, uavhengig av campus eller fakultet, skulle ha like rettar og kvalitet i utdanninga tente engasjementet mitt tidleg i studielivet som statsvitskapsstudent.

LES OGSÅ: Rekordmange utan bustad før studiestart i 2016

Heiltidsstudenten
– Kva er hjartesakene dine?

– Mine hjartesaker har vore lik rett til utdanning for alle. I tillegg til å realisera heiltidsstudenten ved å gjere dei økonomiske rammene for studentane betre, og få definert studenthelse som et omgrep i folkehelsa. Alle gode ting er 3, så 3 hjartesaker, hehe.  

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til studentar som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Her er det viktig at våre dyktige medlemslag lyttar og løfter saker til oss i nasjonalt i tillegg til at vi lyttar til dei tilbakemeldingane vi får gjennom undersøkingar som studiebarometeret, SHoT-undersøkinga (Studentenes helse og trivselsundersøking) og at regjeringa igjen gjennomfører studentane si levekårsundersøking

– Kva er idealsamfunnet?

– Ja, kva er det. Det er vanskeleg å svare på. Me har allereie eit godt samfunn, som sikkert kan bli endå betre på mange område. Men om eg skulle løfte ei sak som må gjerast noko med for at dette samfunnet skal bli betre, så er det ein kraftig innsats og løft for psykisk helse, førebygging vel så mykje som behandling.

LES OGSÅ: Kvar femte student er ofte einsam

Faktaboks

Mats Johansen Beldo er påtroppande leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO)

Alder: 23

Frå: Alta, Finnmark

Studerer/jobbar med: Held på med masteroppgåve i organisasjon og leiing ved UiT – Norges Arktiske Universitet

Favorittfag på skulen: Gjennom heile skuleløpet frå barneskulen til VGS var vel det kroppsøving.

Første verv: Tillitsvalgt for Kraftak mot kreft ved Alta VGS, men det ble alvor av studentengasjementet når eg blei fakultetsrepresentant i studentparlamentet ved UIT.

Kva gjer du i fritida/hobby: Er ivrig sykkelentusiast, det går mykje i landevegssykling.