Elon Musk startar nytt selskap for å koble hjernen til ei datamaskin

Er fire til fem år unna ny teknologi for å behandle epilepsi og depresjon.

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 20.06.2017 17:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elon Musk har starta selskapet Neuralink for å utvikle ny teknologi som koplar datamaskiner til hjernen, skriv Wall Street Journal.

– Over tid kjem vi til å sjå ein tettare samansmelting av biologisk intelligens og digital intelligens, uttala Musk tidlegare i år.

Musk er mest kjent som gründeren bak den elektriske bilen Tesla og tar no eit steg på veg mot at vi alle skal bli kyborgar i framtida.

Implantat for epilepsi og depresjon
Neuralink skal, etter det Wall Street Journal kjenner til, utvikle ein teknologi kalla «neural lace». Målet er å implantere inn små elektrodar for å gi eit «lag av kunstig intelligens på innsida av hjernen».

Ifølgje kjeldene til Wall Street Journal («people who have had discussions with the company»), vil teknologien bidra til å behandle epilepsi eller alvorleg depresjon. Implantat av denne typen vil også kunne vere starten på ny behandling for Parkinson’s, skriv avisa.

– Eg trur vi er om lag fire til fem år unna, uttala Musk til Vanity Fair på søndag, då om framtida for teknologi som koplar hjernen til datamaskiner.

LES OGSÅ: Er du klar for å integrere mobilen med kroppen din?

Eit tredimensjonalt nettverk
Omgrepet «neural lace» kjem frå Culture-serien til sci-fi-forfattar Iain M. Banks, og vert no nytta om eit tredimensjonalt fibernettverk som blir ein del av hjernen.

Musk har sjølv hinta om at «neural lace» er relevant for framtidas kyborgar.

Fleire forskingsgrupper arbeider med å lage og teste nanoteknologien. For to år sidan fann eit forskarteam ved Harvard University at det var mogleg å bruke ei sprøyte for å injisere eit samanrulla nettverk (biletet) inn i blodårene til mus. Nettverket fann vegen til hjernen, bretta seg ut og fungerte som planlagt. Dette er eit langt meir attraktivt alternativ enn å operere nettverket inn i hjernen.


Det tredimensjonale nettverket er mjukt og fleiksibelt nok til at det kan få plass i ei sprøyte, og injiserast ved hjelp av ei nål. Bilete frå forskingsgruppa til Charles Lieber, Harvard University.

Hjerneimplantat for trådlaus integrasjon mellom menneske og internett gir også nokre potensielle utfordringar. Kva om det går gale, og dei oppgraderte menneska bryt lover og gjer som datamaskina vil?

På konferansen Beneficial AI 2017 laga deltakarane ei liste med 23 retningslinjer for alle som arbeider med utvikling av kunstig intelligens. Målet er at kunstig intelligens ikkje tek over verda. Elon Musk og nobelprisvinnar Stephen Hawking er blant dei over 2500 personane som har signert initiativet.

Les meir om #tenkologi, teknologi som får oss til å tenke.