Vil fjerne eigendel for unge hos legen


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ungdom mellom 16 og 18 år bør sleppe å be foreldra om pengar for å betale eigendelen ved legebesøk, meiner pasient- og brukaromboda, politikarar og legar.
– Ein 16-åring kan med nokre unntak bestemme om foreldra skal informerast eller ikkje ved behov for helsehjelp. Men dei er ikkje fritatt for å betale eigendel. For mange betyr dette at dei må be foreldra om pengar til dette, heiter det i årsmeldinga frå pasient- og brukaromboda, skriv NRK.
Pasient- og brukaromboda foreslår at det skal bli gratis for ungdom mellom 16 og 18 år å besøkje legen. Arbeidarpartiet og AUF har også gått inn for forslaget.
Leiar i Allmennlegeforeningen Tom Ole Øren seier til kanalen at dei er glade for forslaget, men at dei eigentleg har ønskt å heve fritaket til 20 år.
– Vi ser at det ikkje er så lett for ungdom å spørje om pengar til å gå til fastlegen, fordi dei ønskjer å vere anonyme i forhold til foreldra. (©NPK)