Grepstad: – Språkpolitisk ubrukeleg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ubrukeleg

Mediemangfaldsutvalet la tysdag fram sin rapport som foreslår ei rekke endringar i mediepolitikken. Utvalet foreslår mellom anna å styrkja den offentlege mediestøtta.

– Det er bra at utvalet vil styrkja den offentlege mediestøtta. Diverre drøftar ikkje utvalet heile det norske mediemangfaldet. Dei tar ikkje omsyn til ein grunnleggjande føresetnad frå Stortinget og anar ikkje korleis tiltaka deira slår ut for nynorskbrukarar, seier Ottar Grepstad i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

– Hevar seg over stortingsvedtak
Stortinget slutta seg i 2009 til prinsippet nynorsk. Det prinsippet inneber at nynorsk alltid skal reknast med der norsk språk blir tematisert, og at det skal grunngjevast dersom omsynet til nynorsk ikkje er relevant. Utvalet har heva seg over Stortinget og valt vekk viktig kunnskap i arbeidet sitt, seier Ottar Grepstad.

Dei siste femti åra har sju offentlege utval lagt fram mediepolitiske utgreiingar. Nynorsk kultursentrum meiner at alle har mangla overordna språkleg perspektiv.

– Endå eit medieutval har tolka mandatet sitt slik at det slapp å gå inn i desse spørsmåla. Det passar ein del mediekonsern godt. Dermed avslører avis- og mediebransjen sin eigen avstand til overordna perspektiv som skriftkultur og kor viktig språk er som infrastruktur i eit moderne samfunn, skriv Nynorsk Kultursentrum i pressemeldinga.

LES OGSÅ: – Ingen nynorskaviser å miste

Dag og Tid-redaktør overraska
Ansvarleg redaktør i Dag og Tid, Svein Gjerdåker (bildet), er også kritisk:

– Det er klart at utvalet skulle ha drøfta det språkpolitiske meir i innstillinga si. Eg er overraska over at det ikkje er gjort. Mediepolitikk er ein viktig del av språkpolitikken, seier han til Framtida.no.

LES OGSÅ: Vil ha meir nynorsk i VG

Faktaboks

Dei viktigaste framlegga til Mediemangfaldsutvalet:

• Momsfritaket blir utvida til alle nyhende- og aktualitetsmedium og sal av enkeltartiklar.
• Fritak frå arbeidsgjevaravgift for nyhendebaserte norske medieselskap (tidsavgrensa).
• Produksjonstilskotet til nyhendemedium blir vidareført, men med fleire justeringar:
Lokale medium skal få eit minstetilskot på 750 000 kroner (1 295 000 for nordnorske aviser).
• Nummer-to-aviser i storbyane skal få mindre.
• Tre nye tilskotsordningar:
– innovasjon for nyhendemedium
– stimulere samfunnsviktig journalistikk
– tilskot til nyhendemedium som er gratis for brukarane