Studentane må få lære nynorsk!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert på bloggen til Nynorsksenteret.

Eg er ikkje lærarutdannar.

Eg har ikkje skrive mastergrad i didaktikk. Eg har ikkje meir enn skarve 60 studiepoeng i norsk eingong.

Likevel har eg, som lærarstudent og nynorskforkjempar, skrive ganske mange ord om korleis me lærarstudentar burde lære nynorsk.

Mitt personlege møte med nynorsk i lærarutdanninga kan vel ikkje seiast å vere anna enn ei solskinshistorie. Eg søkte meg inn på grunnskulelærarutdanninga 5–10 ved Høgskulen i Oslo og Akershus som bokmålsbrukar med heilt alminneleg gode karakterar i bokmål og nynorsk. Haldningane eg hadde til den norske skriftspråksituasjonen, var positive, om enn ikkje særleg medvitne.

Les også innlegget: Framtidas superlærar kan nynorsk!

Bada i nynorsk
Nynorsken møtte meg frå dag éin på lærarutdanninga. Me regelrett bada i nynorsk.

Mange av førelesarane var nynorskbrukarar sjølv og brukte nynorsk på førelesingar, i frontermeldingar, ja, i alle kanalar, som den mest sjølvsagde ting.

Me fekk kurs i nynorsk grammatikk ganske tidleg, noko fleirtalet nok var takksame for. Sidemålsdidaktikk skulle me au ha.

Dessutan skulle me lese mange barnebøker, fleire av dei på nynorsk, og me fekk vite at me skulle levere eksamensmappe på nynorsk til våren. Eit arbeid me skulle byrje på med ein gong, altså om lag to veker inn i studieløpet. Eg skjønte tidleg at nynorsk var noko eg gjerne ville og rett og slett måtte meistre.

Eg byrja å notere på nynorsk i timane, laga snarveg på mobilen til det som då var UiO si nettbaserte ordbok og prøvde meg på å skrive nynorsk til vennar og kjende på meldingar og i sosiale medium.

Seinare, etter kvart som nynorsken grodde inn i fingrane mine, fann eg ut at eg måtte byte hovudmål. Det var det rette for meg. Eg ville bli verdas beste nynorsklærar.

«Okei», tenker kanskje du, «er det vits i å skrive dette innlegget viss sola skin og alt er bra?» Jau då. Vits er det. For eg går på ei av mange lærarutdanningar. Eg skal bli 5–10-lærar med norsk som fag ein. Det er heilt tilfeldig at eg har eit godt forhold til nynorsk.

Lærarstudentar: – Veit ikkje korleis me lærer bort nynorsk

Den typiske historia
Ein kan utdanne seg til å bli lærar på fleire måtar enn ein kan telje på ei hand.

Berre på Høgskolen i Oslo og Akershus, der eg går, kan ein bli barnehagelærar, grunnskulelærar for første til sjuande trinn og for femte til tiande trinn, og faglærarar i andre fag.

På universitet og høgskular elles i landet kan ein bli musikkpedagogar, gå lektorutdanningar, og ein kan så klart ta praktisk-pedagogisk utdanning og bli lærar på den måten. I tillegg kjem dei mange fagkombinasjonane ein kan velje.

Læraryrket er ei svært mangfaldig utdanningsretning og eit spennande yrkesval. Det er kjempeflott at ein har mange moglegheiter til å kvalifisere seg til verdas finaste jobb.

Likevel er det fare for at dei mange vegane til målet gjer at grunnleggande kunnskap som alle framtidige lærarar treng, blir prioritert i ulik grad. Det openberre dømet er nynorsk og nynorskopplæring av lærarstudentane.

For sjølv om eg og dei andre som har studert norsk på GLU 5–10 på HiOA har fått god opplæring i og om nynorsk, betyr ikkje det at det skjer på andre utdanningsinstitusjonar.

Medstudentane mine på HiOA er jamt over flinke folk. Dei er interesserte og oppegåande menneske som heilt oppriktig gler seg til å bli ferdige med utdanninga så dei kan kome ut i skulen og jobbe med barn og unge.

Men dei får ikkje god opplæring i nynorsk.

Jau då, på HiOA er faktisk nynorsk ein del av faget pedagogikk og elevkunnskap. Alle studentar, uansett fag, får grammatikkurs det første året og må skrive nokre tekstar på nynorsk i løpet av studietida.

Men kva er eigentleg HiOA sin tanke med at studentane skal skrive på nynorsk?

Skal dei lære det, eller skal dei bevise at dei kan det når dei må? Dessverre trur eg svaret litt for ofte er det siste.

For dei fleste studentane som ikkje har vakse opp med nynorsk, eller som har norsk som fag, er nynorsk framleis noko anna enn norsk. Å levere arbeidskrav på nynorsk blir eit ork, både fordi dei ikkje skjønar kvifor dei må det, men kanskje helst fordi dei ikkje har fått god nok opplæring i språket.

Men, som nemnt, har iallfall HiOA nynorsk i tankane når dei skal utdanne framtidas lærarar uansett kva fag dei tar. Det er dei nesten åleine om.

I Proba-undersøkinga «Undersøkelse av nynorsk som hovedmål» frå 2014, skriv Inger Vederhus og Synnøve Skjong at berre fire av nitten institusjonar sikrar at lærarar som ikkje skal undervise i norsk får opplæring eller vurdering i norsk. Det kan få alvorlege konsekvensar for nynorsk i skulen.

Det same gjeld lektorprogramma, men kanskje her i endå større grad. Dei som skal bli lektorar i norsk, lektorar, altså, får ikkje noka opplæring i nynorsk. Dei må au bevise at dei kan det gjennom tekstproduksjon, men rettskrivinga må dei kunne frå den vidaregåande opplæringa.

Konsekvensane eg fryktar kjem av dette, er at me får endå fleire lærarar, både i norsk og matematikk, med dårlege haldningar til nynorsk fordi dei aldri har fått lære det skikkeleg. Og som framtidas lærarar, rollemodellar, er eg redd haldningane deira kjem til å smitte over på elevane.

Eg seier ikkje at lærar- og lektorutdanningane burde bli likare. Det meiner eg heller ikkje. Kva eg meiner å seie, er at utdanningsinstitusjonane i større grad burde bli medvitne kva didaktiske grep dei sjølv gjer når det kjem til opplæring i og om nynorsk for oss som ein dag skal bli lærarar.

LES OGSÅ: For dårleg nynorskopplæring for lærarar

Ein god nynorsklærar kan meir enn grammatikk
I den nynorskdidaktiske Bibelen, Norsk = nynorsk og bokmål, som me heldigvis har på pensum på HiOA, skriv Synnøve Skjong at lærarkompetanse er avgjerande for god nynorskopplæring.

Men kva kompetanse har ein nynorsklærar då? 

Spør du Rammeplanane for grunnskulelærarutdanningane, skal alle lærarar meistre båe språka så godt at dei skal kunne bruke dei i profesjonssamanheng.

Eg går ut frå at det vil seie at dei skal kunne undervise på båe skriftspråka. Det inneber grammatisk kunnskap og at dei kan fagomgrep på både bokmål og nynorsk. Spør du meg kva kunnskap eg treng for å kunne bli ein god nynorsklærar, treng eg mykje meir enn berre nynorsk rettskriving. For å vere ein god matematikklærar må ein vel vere god til meir enn å rekne?

Min nynorske draumelærar har mykje kunnskap om desse punkta: nynorsk rettskriving, norsk språkhistorie og den norske språkstoda i dag, fagterminologi på nynorsk, dei språklege rettane til elevane og nynorskdidaktikk.

Les resten av innlegget på Nynorsksenteret sine nettsider!