270 elevar mista skulegang grunna ME

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

270 elevar med ME-fråvær

Ei nasjonal kartlegging viser at 270 elevar har hatt høgare fråvær enn tre månader grunna kjent ME, skriv regjeringa i ei pressemelding måndag. På oppdrag frå helse- og omsorgsdepartementet har fylkesmennene kartlagt fråvær frå grunnskulen og vidaregåande skule i skuleåret 2015/2016.

– Unge med langvarig utmatting fell ofte ut av skulen og vert ramma ekstra hardt. Difor er det viktig at vi gir dei eit godt tilbod, seier statsminister Erna Solberg

Regjeringa vil prioritere dei tre tiltaka nasjonal og internasjonal forsking, tett samhandling mellom sjukehusa og ein betra pleiepengeordning.

– Det viktigaste for pasientane og deira pårørande er å finne årsakene til tilstanden, slik at dei kan få så treffsikker behandling som mogleg, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

LES OGSÅ: Serine (25) må ligge stille 22 timar i døgnet

Regjeringa har difor gitt 38 millionar kroner til samhandling mellom sjukehusa som utgreier pasientane. I haust lyste Forskingsrådet ut 30 millionar til forsking på ME. Helsedirektoratet har vidare utarbeida ein fagleg rettleiar til helsepersonell ved sjukehusa og i kommunane.

Regjeringa understrekar at kartlegginga inneheld usikkerheit, der talet truleg for lite fordi ikkje alle har svart eller gitt ufullstendige tal.

Les meir om ME