Unge jenter som flyttar til byen, skiftar ofte frå nynorsk til bokmål. Kvifor gjer dei det? spør Kine Gjertrud Svori.

Kine Gjertrud Svori
Kine Gjertrud Svori

Artikkelen vart først publisert på iver.nynorsksenteret.no.

I masteroppgåva til Iselin Nevstad Øvrelid kjem det fram at mellom 70 og 80 % av elevane i Ålesund og Molde skiftar hovudmål frå nynorsk til bokmål når dei startar på vidaregåande skule. Overvekta av dei som skiftar, er unge jenter frå bygda som vil opp og fram i livet.

Kvifor er det slik?

Det er jo ikkje så ofte me får høyre at nynorsken er god nok, eller noko å vere stolt over. Dette tykkjer eg er veldig synd. I visse tilfelle kan ein få inntrykk av at nynorsken ikkje eksisterer utanfor klasseromma på det nordlege Vestlandet, og dette stemmer jo ikkje. Nynorsk er jo faktisk eit av dei best dokumenterte språka i verda, og har over ein halv million brukarar. Kva er det som får bygdejentene til å velje vekk dette skriftspråket?

Les meir om undersøkinga til Iselin Nevstad Øvrelid her!

Sjølv er eg lektorstudent ved Universitetet i Oslo, og eg er ei av dei som skriv nynorsk kvar dag. Det siste året har eg jobba med å skaffe meg 60 studiepoeng i nordisk, slik at eg skal kunne undervise i norsk ved sida av tysk som eg skal ha som hovudfag. Eg kjem frå ei lita grend i Jostedalen, som også er den finaste staden i Sogn, eller kanskje heile verda. Eg har flytta frå bygda til byen, eg er kvinne, eg tek ei akademisk utdanning og eg skriv framleis nynorsk.

Så kjem gullspørsmålet: Kvifor er ikkje eg ein av dei som har bytt frå nynorsk til bokmål, slik som så mange andre i min situasjon ville gjort?

Eg vaks altså opp i Jostedalen i Sogn og Fjordane, ein del av nynorsken si høgborg. Nynorskprosenten i både skulen og lokalsamfunnet var skyhøg, og det vart sjeldan, eller kanskje aldri, snakka om problem knytt til sidemål – det var berre noko me hadde.

Sidemålet var ikkje noko problem verken for nynorskelevane eller dei få som hadde bokmål som hovudmål. Gjennom heile grunnskulen kom altså nynorskbøkene trillande som perler på ei snor, det var aldri snakk om noko anna. Skilting var på nynorsk. Brosjyrar var på nynorsk. Avisa var på nynorsk. Det aller meste var rett og slett på nynorsk.

LES OGSÅ: – Det er ikkje alltid eg gidd ta fram nynorsken

Eg har også vore ein medviten språkbrukar ein relativt stor del av livet mitt – eg var berre 13 år då eg vart medlem i Norsk Målungdom. Dette var i slutten av 8. klasse då ein ven av meg sa at «du er jo interessert i nynorsk og sånn, du kan godt bli medlem i Målungdomen».

Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til, men det har synt seg å vere eit enormt viktig val for framtida. Det å faktisk gjere seg opp ei meining og kunne ta eit val fordi eg ynskjer det og ikkje berre fordi alle andre gjer det, det tykkjer eg er utruleg viktig. For meg held det ikkje å fylgje straumen, eller «go with the flow» som ungdomen kallar det.

Ein annan ting som har hatt mykje å seie for valet mitt av skriftspråk, er valet av vidaregåande. Då eg var 16 år flytte eg frå Indre Sogn til Vinstra i Gudbrandsdalen for å gå på landsline med fordjuping i folkemusikk. Eg kom til eit enormt bra utdanningstilbod med enormt varierande grad av nynorsk, både i undervisning og språklege rettar.

LES OGSÅ:«Det finst elevar som har bokmål som sidemål»

Eg bad om nynorskbøker og stod på mitt. Eg var nøgd med det då, og eg er ekstremt stolt av det no: Eg brydde meg ikkje så mykje om kva andre sa eller meinte. Særleg kommentaren «men du forstår jo bokmål» var ein gjengangar, men eg brydde meg verkeleg ikkje. Her ligg noko av kjernen i det opphavlege spørsmålet også: Jenter tenkjer nok ofte altfor mykje på kva andre tenkjer og meiner om dei.

Sjølv om Vinstra vidaregåande skule har nynorsk som administrasjonsmål, er det også ein skule med stor overvekt av bokmålselevar. Mange av dei hadde hatt nynorsk som hovudmål fram til vidaregåande, og dette understrekar vel eigentleg berre det eg prøver å snakke om: målbytet er stort.

Så var eg altså ein av dei fem i klassen min som valde å halde fram med nynorsk. Me var to jenter og tre gutar, og den andre jenta kom frå Valdres. Det vil altså seie at ingen av jentene som kom frå Gudbrandsdalen valde å halde på nynorsken. Dei fleste av desse flytte til byen etterpå. Unge og urbane, altså.

LES OGSÅ:– Folk gjer nynorsk vanskelegare enn det er

Det er heller ikkje til å stikke under stol: på mange måtar er det jo lettare å vere bokmålsbrukar. Samfunnet legg på ein måte opp til det. Dei fleste nettsider er førehandsinnstilte på bokmål. Informasjon om det meste er på bokmål. Lærebøkene på bokmål ligg klare, medan nynorskbøkene må bestillast.

Dersom ein vel bokmål, får ein rett og slett ein god del servert på sølvfat. Då blir vel bokmål det «naturlege» valet? Det som ikkje blir snakka like mykje om, er at det er minst like mange fordelar knytte til nynorsk, sjølv om desse gjerne finst på heilt andre område. Diverre er det kanskje ikkje så mange som tenkjer over dette.

På vidaregåande var det også nokre som sette spørjeteikn ved kvifor eg skreiv nynorsk i utgangspunktet. I byrjinga av tida mi i Norsk Målungdom, det vil seie slutten av 8. klasse, skreiv eg også nynorsk fordi «alle andre» gjorde det. I Sogn og Fjordane har 97 % av elevane nynorsk som hovudmål, og det er dette som er norma. Nynorsk er også veldig nært dialekta mi, og eg tenkte ikkje så mykje over korleis eg skreiv – nynorsk var «naturleg» for meg.

LES OGSÅ: Kristina Leganger Iversen svarar på Mostue sitt nynorsk-utspel

Etter nokre år med langt meir medviten språkbruk og nokre studiepoeng i nordisk, konkluderer eg med at språk er alt anna enn naturleg. Det er eit val ein tek, og det handlar gjerne mykje om kva ein er van med å sjå rundt seg.

Ein annan ting er at språk og identitet heng saman. Språket seier noko om kven eg vil vere, kvar eg kjem frå og kvar eg skal. Det heng kanskje saman med patriotisme, at eg kjenner meg knytt til Sogn og at eg gjerne vil uttrykkje dette.

Eg trur også at det er nettopp her ein del unge jenter fell av: Dei ynskjer ikkje å identifisere seg med bygda, og difor legg dei vekk nynorsken. Bokmålet blir sett på som eit betre eigna byspråk, og har i mange urbane lag langt høgare status. Heldigvis kan ein heilt fint bruke nynorsk i byen også, sjølv om ein må kanskje førebu seg på å vere litt sta av og til.

LES OGSÅ:Respekt for nynorsk

Lærarar, og særleg norsklærarar, har mykje å seie for korleis valet av hovudmål blir. I undersøkinga til Iselin Nevstad Øvrelid i samband med masteren om målbyte i Møre og Romsdal, svarar 20 % av elevane at dei har blitt direkte oppfordra til å skifte hovudmål frå nynorsk til bokmål.

Dette tykkjer eg rett og slett er heilt sjukt. Ein lærar kan ikkje trekkje fram det eine skriftspråket som betre enn det andre på ein slik måte. Læraren skal gjere elvane medvitne, ikkje presse dei til å ta eit lite gjennomtenkt val.

Dersom ein er flink til å peike på alt ein får gratis med nynorsk som hovudmål, blir det plutseleg eit langt meir attraktivt val. Dersom ein kvar einaste gong nynorsk blir nemnt, nikkar mot den eine eleven som står opp for nynorsken, kan det få motsett effekt: Den eine eleven kan bli oppfatta som noko annleis, og det kan vere med på framandgjere nynorsken.

LES OGSÅ:Framtidas superlærar kan nynorsk!

Så korleis skal ein eigentleg snakke om nynorsk? Kva er det lurt å seie for at færrast mogleg skal skifte hovudmål?

Eg trur det er viktig å peike på nytteverdien. I den norske skulen lærer me mange ting som ikkje kjennest ekstremt relevante, og for mange er nok dei to skriftspråka på denne lista. Begge deler er jo norsk. Då er det viktig å peike på alle dei jobbane som krev og/eller ynskjer at ein kan nynorsk, til dømes i undervisningssektoren, journalistikk, NRK, jus, staten og mange andre stader.

Det er også greitt å peike på at nynorsk som hovudmål eigentleg er ei gåvepakke. Når ein har minoritetsspråket som hovudmål og ser majoritetsspråket overalt, blir ein gjerne ganske god i begge. Det er i alle fall mykje lettare enn å gjere det omvendt.

LES OGSÅ:– Eg veit ikkje korleis eg skal læra bort nynorsk, seier lærarstudentar

Til slutt vil eg gjerne komme med nokre tips og råd. Dei ser kanskje krasse ut, men er velmeinte på alle måtar.

Lærarstudentar: Lær nynorsk! Øv på nynorsk, bli gode i det. Det kjem til å vere ein del av jobben dykkar i framtida, og det er faktisk noko de berre må kunne. Det gjev mange kognitive fordelar å kunne både bokmål og nynorsk, så det er berre å bøye verb!

Lærarar: Lær elevane nynorsk, og ikkje vent med dette til 9. klasse! Forklar elevane kvifor me har fått to skriftspråk, og kor bra denne ressursen faktisk er for oss. Forklar at språk ikkje er naturleg og at det garantert er plass til både nynorsk og bokmål i hjernen. (Mange eg har snakka med, er nemleg litt uroa for det siste punktet der.)

Unge urbane jenter som vil opp og fram: Skriv nynorsk. Det går heilt fint å BÅDE skrive nynorsk i byen OG vere heilt normal. Hugs: nynorsk er bra bynorsk!

LES OGSÅ:«Eg var språkforvirra. Eg hata nynorsk»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE