Oljeskepsis på utdanningsmesse
Ungdommar i heile landet førebur seg i desse dagar på vårens viktige val av yrke og utdanning. På Stord tenkjer elevane på kva bransjar som gjev sikker jobb.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På Stord i Hordaland er det utdanningsmesse, og mange unge håpefulle møter opp for å få brosjyrar og gode råd frå bedrifter og skular i mange bransjar.
Vestlandet har dei siste åra merka nedgangstidene i oljebransjen. Arbeidslausa har stige, og marknaden påverkar utdanningsvalet til dei unge.
I fjor opplevde VG2-linja Brønnteknikk ein dramatisk nedgang i søkjartal i Hordaland. I 2015 hadde linja 197 søkjarar til 30 studieplassar, året etter søkte berre 22 personar. I same fylke auka søkjartala til dei dei maritime linjene.
På landsbasis er dei grøne alternativa er på veg opp. I fjor var det ein 20 prosent auke i landbruksutdanningane, samanlikna med 2015. Rekorden har studiet økologisk landbruk ved Høgskulen i Hedmark, med 110 fyrstevalsøkjarar.
Satsar på helse og opplæring
Men oljenæringa er framleis ei stor næring i regionen, så kva tenkjer eigentleg ungdommane på Stord om å få seg «jobb i oljå» nå?
– Jobb i oljenæringa? Nei, det verkar usikkert, er ungdomsskulejentene frå Hillestveit skule einige om.
– Det vil alltid vera ungar, svarer 15 år gamle Tove Volden Kvamme kjapt.
Ho ønskjer å bli lærar, og kan ikkje tenkja seg noko anna enn å få jobba med barn og unge. Kvamme har nære familiemedlem som har tilknyting til oljebransjen, og ho ser spesielt på arbeidstida til dei som jobbar i turnus som eit stort minus.
– Eg har lyst til å bli mamma sjølv også, og då ønskjer eg ikkje å vera borte i så lange periodar som dei i olja er, seier ho.
Usikkerheit
Oljeprisen svingar, og jentene frå Hillestveit har lyst til å velja sikre yrke. Lege, sjukepleiar og tannlege blir nemnd.
– Eg har «null fanari» på kva eg skal velja, seier Madeleine Eidesvik.
Ho pratar om både både eigedomsmekling og forsvaret, men er glad for at ho berre går i niande klasse. Det er eitt heilt år før det blir hennar tur til å velja kva retning ho vil gå på vidaregåande.
Ungdommen si innstilling til oljebransjen har endra seg, meiner Einar Breirem (16) (f.v.) og Magnus Aarebø (16)
Annleis for nokre år sidan
– Før var det mange fleire unge som ville få seg jobb i olja. Dei tenkte på alle pengane dei kunne tena, fortel Magnus Aarebø (16).
Både han og Einar Breirem (16) er elevar ved Vabakkjen, på Stord vidaregåande skule. Gutane går første året på bygg og anlegg, og har fått interesse for tømraryrket.
– Det er den praktiske biten som er problemet med å jobba offshore. Ein må reisa bort i så lange periodar, seier Breirem.
Dei er samde om at turnusen til dei som jobbar i Nordsjøen ikkje er så attraktiv, og at svingingane ein har sett i oljeprisen, gjer eit slikt yrkesval meir usikkert.
Skeptiske
Brage Haugland Hermansen (14) og Tor Brakeland Våge (14) går i niande klasse på Nysæter ungdomsskule. Dei har kikka rundt på mange stands, og har ikkje heilt bestemt seg for kva utdanning dei skal velja til neste år.
– Eg har eigentleg litt lyst til å byrja på matfag, seier Hermansen smilande.
Han er opptatt av miljøet, og er skeptisk til å få seg jobb innan ei oljenæring som bruker opp ein ressurs som ikkje vil eksistera i all framtid.
Brage Haugland Hermansen (14) (f.v.) og Tor Brakeland Våge (14) har samla inn mange spanande brosjyrar på utdanningsmessa.