Få ein slutt på datamisbruket i vidaregåande skule!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Få ein slutt på datamisbruket

Svært mange av elevane på vidaregåande i dag gjer ikkje det dei skal. Dei sit på datamaskinane sine og surfar på nettet i staden for å ta notat i timane. Dette fører til eit dårlegare læringsmiljø, og det er eit problem for alle i klassen. Det må bli ein slutt på det tillitsbaserte systemet me har i dag, og det er på tide å ta grep!

Eg er ei jente som går i VG1 på studiespesialiserande. For fem år sidan skreiv eg eit avisinnlegg om det same temaet. Då gjekk eg ikkje på vidaregåande, men eg fylgde med i debatten, og det irriterte meg at elevane, som var så store, ikkje klarte å lukke ned PC-ane og følgje med i timane. No har eg gått på VGS i eit halvt år, og eg har sett problemet med eigne augo.

Kvar dag, i nesten kvar time, blir eg forstyrra av elevar i klassen som bruker datamaskinane sine til heilt andre ting enn det dei blir bedd om. Blant anna sit dei på Facebook og Tumblr. Nokre speler spel, til dømes Tetris eller mafiaspel.

LES OGSÅ:  – Ingenting tyder på at auka bruk av IKT i seg sjølv gjev betre læring

I Opplæringslova, §9a-1, står det: «Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring». Dette miljøet, som eg og alle dei andre elevane har krav på, får me ikkje når databruken til medelevane øydelegg konsentrasjonen vår. Dei som ikkje følgjer med i timen, lagar ikkje berre eit problem for seg sjølv, men for dei andre i klassen òg. Det er mykje betre at dei søv på pulten enn at dei forstyrrar medelevane.

Det må bli ein slutt på det tillitsbaserte systemet me har i vidaregåande, sidan det ikkje fungerer. Dei som er imot å la skulen avgrense databruken til elevane, kjem gjerne med argument som: «Elevane må ha valfridommen til å velje om dei vil fylgje med eller ikkje» eller «elevane må avgrense databruken sjølv, og vete kva som er rett og gale». Men problemet er at dei som vel å ikkje fylgje med i timane, ikkje berre skaper eit problem for seg sjølv, men òg for medelevane! Eit anna argument som blir brukt, er at «det er klasseleiinga som ikkje fungerer». Lærarane er pålagt å undervise etter læreplanane i faga. Desse er standardiserte, og viss elevane synest det dei lærer er kjedeleg, er det ikkje læraren som har skulda.

Skal læraren vere lærar eller politi? Det å gi elevane merknadar, vil vere svært vanskeleg, sidan det er vanskeleg å registrere surfinga. Når læraren nærmar seg, opnar elevane berre ei ny Google-fane eller eit Word-dokument, men når han eller ho har gått forbi, held dei fram med surfinga. Dessutan tyder det ikkje noko at dei får merknadar, sidan det å bli sett ned i orden ikkje vil vere eit problem før det siste halvåret i VG3. Då har desse elevane forstyrra resten av klassen i to og eit halvt år!

LES OGSÅ: Forskarar meiner handskrivne notat gjev best læring

Nå er det på tide å ta nokon grep for å få ein slutt på denne forstyrrande databruken i vidaregåande skule! Elevane har ikkje krav på å ta notat på PC-ane i timen. Difor burde ein starta med at alle elevane måtte ta notat for hand. På ungdomsskulen var det ikkje noko problem å gjere dette. Dessutan burde ein berre tillate visse nettsider, til dømes It’slearning, SNL, Wikipedia og UIB ordbok. Her finn elevane svært mykje av informasjonen dei treng til arbeidet dei skal gjere. Eg trur at dette hadde ført til mykje mindre forstyrring i timane, og i tillegg hadde Opplæringslova blitt fylgt.

Vidaregåande skule er frivillig å gå på. Når ein bestemmer seg for å gjere det, forstår eg ikkje kvifor elevane vel å ignorere undervisninga. Viss dei synest undervisninga er kjedeleg, burde dei ikkje gå på vidaregåande. Som tidlegare nemnt, skreiv eg om dette for fem år sidan. Det har ikkje blitt gjort eitt grep sidan då, og det er for dårleg. For at elevane skal få det undervisningsmiljøet me har krav på, er det på tide å få ein slutt på den meiningslause forstyrringa me blir utsett for kvar dag!

LES OGSÅ: Koding blir valfag på 146 skular