Når ulven ular mot fullmånen, går sjølv høgrefolk ut av sitt gode skinn. Då får du stortingspresidentar i plenen og påstandar om at det er fascisme å følgje lova.

Sven Egil Omdal, NDLA
Sven Egil Omdal, NDLA

MEDIEKOMMENTAR: Julefeiring og nyttår la ingen dempar på lupufobien som plutseleg heimsøkte Hedmark. Så snart drønna frå fyrverkeriet hadde lagt seg, drog busslast på busslast med sinte hedmarkingar mot Oslo. Der slutta Olemic Thommesen seg til demonstrantane. Stortingspresidenten gjekk ut på plenen for å protestere mot at ein statsråd frå hans eige parti, og statsministeren frå same parti, valde å følgje råda frå lovavdelinga i Justisdepartementet – som til no ikkje har vore rekna som ei underavdeling av Greenpeace.

Slike merkverdige tilstandar oppstår når redslesenteret i hjernen – godt støtta av tunge næringsinteresser – jagar fornuft, statistikk og rolege tankar på flukt. Og delar av pressa heier så godt dei kan på alle som er redde. Tora (72) tør ikkje gå aleine bort frå garden i Trysil, melder VG – illustrert med eit bilete der mannen til Tora, Håkon, poserer i kjøkkenet med den gamle Mauser-rifla.

«Ja til Rødhette, nei til ulv. Hilsen bestemor», var overskrifta på ein kronikk i Aftenposten. Det skal vere overhengande fare for at små barn blir slukt levande på skogsstigane i Hedmark. Tidlegare landbruksminister Johan C. Løken frå Høgre fekk tre sider i Klassekampen til eit rabiat åtak på Høgres miljøvernminister (rabiat kjem av rabies, ein virussjukdom som angrip nervesystemet hos varmblodige dyr, men openbert også hos hedmarkingar). Storsamfunnet si rovdyrforvaltning er fascisme, hevda Løken, ein påstand som ville forundra Benito Mussolini, fascismen sin far. Ulven er urmora til byen Roma.

Politisk redaktør i Dagbladet, Geir Ramnefjell, gjorde eit tappert forsøk på å vise at bondeflokken som halsar etter stakkars Vidar Helgesen, er driven av økonomiske jaktinteresser, ikkje av den urgamle redsla for vargen. Det var eit forsøk på å fortrengje frykt med fakta, og som dei fleste slike forsøk, ganske mislykka.

Førsteamanuensis Ole Åsli ved Universitetet i Tromsø har teke doktorgrad på kor raskt vi blir redde. Det tek berre eit par millisekund, fann han ut. Farten kan vere bra når vi er i livsfare, men kan gjere livet mykje trongare når vi ikkje er det . «Vi har nok et altfor effektivt fryktsystem», sa Åsli til forskning.no for nokre år sidan.

Systemet er ikkje blitt betre sidan. Redsla gjer oss sannsynlegheitsblinde. Det nytter ikkje kor mange statistikkar forskarar og andre legg fram for å vise kor ekstremt sjeldan ulv skadar menneske. Ikkje når folk har eventyra til brørne Grimm for handa.

Kvart år døyr det menneske i Hedmark av einsemd. Men ingen stortingspresidentar går ut på plenen for å krevje eit heilt anna psykiatrisk helsevern. Temperaturen i studio ville vore lunken om NRK hadde invitert til debatt om kva vi kan gjere for å hindre vegsjølvmorda på vegane i fylket. Han var nær grensa til slåsskamp då ulven blei debattert.

Sjølvsagt er rovdyrforvaltning eit viktig tema, ikkje minst i dei få delane av landet der det er rovdyr. Men debatten ville blitt heilt annleis om vi klarte å ta bort den irrasjonelle redsla og framføre argumenta mot ulv som dei næringsargumenta dei er. Då ville vi fått ein debatt som liknar debattar om andre inngrep i naturen. Det er sjeldan at tidlegare høgrestatsrådar kallar dei som vil verne fjordar eller vassdrag, for fascistar, og det er ikkje noko sakn.

Folk er redde for ulv. Redsla er urgammal og ein del av den store forteljinga om oss sjølve. Ulven er eit symbol på faren i den utemja naturen. Men kor mykje skal mytologisk bestemt angst få styre moderne politikk? Redsle gir spenstigare nyheitsoppslag enn refleksjon og fakta – men mykje dårlegare vedtak i storting og departement. Pressa ville gjere oss alle ei teneste om forskarar og juristar blei prioriterte som kjelder framfor Raudhette.

Først publisert på NDLA.no under CC-BY-SA-lisens

Fekk du med deg desse?

Hatet mot ulven er grunnlaust, skriv caffè latte-drikkaren Elise Løvereide

Så mykje caffe latte drikk me i Oslo

 

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 16.03

Kommentarar

ANNONSE