Politikk og samfunn

«Milliardrekninga ingen vil snakke om»

Vi kan ikkje ta imot fleire enn vi klarer å integrere, skriv Mathias Heian Ræmisch i FpU.

Mathias Heian Ræmisch (19)
2. vara i Vestland FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tala frå SSB, omtalt av Nettavisen, burde vere ei vekkarklokke for heile Noreg. I årevis har vi vorte fortalt at innvandring er ei økonomisk nødvendigheit. No ser vi at det ikkje stemmer for alle grupper.

Politikken har feila

​Fakta er enkle: Nokre innvandrargrupper bidreg positivt, særleg frå Europa. Men fleire ikkje-vestlege grupper går kraftig i minus, sjølv etter mange år i Noreg. Dette er ikkje småbeløp. Det er snakk om milliardar av kroner kvart einaste år, betalt av norske skattebetalarar.

​Endå meir alvorleg er det at dette ikkje berre gjeld nykommarar. Sjølv etter ti år i landet er enkelte grupper framleis langt unna arbeidslivet. Det tyder på at problemet ikkje berre handlar om tid, men om ei integrering som ikkje fungerer.

​Vi kan ikkje halde fram med å ignorere dette. Eit velferdssystem som vårt er avhengig av at flest mogleg jobbar og bidreg. Når mange i staden blir varig avhengige av ytingar, blir heile modellen undergraven.

​Det er òg eit tydeleg problem at systemet i nokre tilfelle gjer det meir lønnsamt å ta imot trygd enn å jobbe. Då har politikken feila. Insentiva er feil, og det må rettast opp.

Vi må tenke nytt

​Derfor må vi tore å ta konsekvensane av tala:

​For det første må innvandringa strammast kraftig inn, særleg frå land der integreringa historisk har fungert dårleg.

​For det andre må krava skjerpast. Det må stillast tydelege krav til aktivitet, språkopplæring og deltaking i arbeidslivet.

​For det tredje må ytingane ned og i større grad knytast til innsats. Det skal alltid lønne seg å jobbe.

​For det fjerde må vi tenke nytt om asylsystemet. Frp har derfor teke til orde for å opprette asylmottak i tredjeland. Føremålet er enkelt: Å hindre at menneske legg ut på ei lang og risikofylt reise til Noreg fordi dei oppfattar landet som eitt av dei mest attraktive måla. Asylsøknader bør behandlast utanfor Noreg, slik at det ikkje er reisa hit som avgjer kven som får opphald.

Å halde fram er ikkje solidaritet

​Dette handlar ikkje om mangel på medkjensle. Noreg skal framleis hjelpe menneske i nød. Men vi kan ikkje ta imot fleire enn vi klarer å integrere. Å halde fram som i dag er ikkje solidaritet, det er uansvarleg politikk.

​Dersom vi ikkje tek grep no, vil rekninga berre vekse. Og ho blir sendt til vanlege folk.