Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1995 slapp US Fish and Wildlife Service ut 14 ulvar i Yellowsone National Park. Det var 70 år sidan sist gong det var ulvar der. 

Resultatet? Eit betre økosystem. Fordi sjølv om ulvar drep mange dyr, gir dei såleis liv til mange andre. Utan ulven blei vegetasjonen øydelagt av beitande dyr, og reintrodusering av ulven i Yellowstone National Park forandra til slutt også elvene.

Ulvane har ein funksjon i naturen vår. Det vil ikkje alle politikarar i 2017 erkjenne. Stortinget har vedteke at Noreg skal ha ein levedyktig og reproduserande ulvebestand, i tråd med åtvaringar frå forskarar om at ulven er kritisk trua av utrydding.

Likevel har det blitt bestemt at 47 av våre 68 heilnorske ulvar skal bli skotne i vinter. Klima og miljøminister Vidar Helgesen (Høgre) reduserte seinare talet til 15, med bakgrunn i Naturmangfaldslova og Bernkonvensjonen. Det skal likevel bli lettare å få skyte enkeltulvar som tar sau. Erna Solberg vil no opne for at det juridisk skal kunne bli skotne endå fleire ulv i vinter enn dei 15.

Les Are Kalvø sitt innlegg om ulven

Farlegare med hund
Eg er berre ei enkel byjente. Fødd i Ålesund, oppvaksen i Stavanger, buande i Bergen. Eg drikk ofte kaffe latte. Men eg er brennande engasjert i å vareta naturmangfaldet og å forvalte naturen med respekt – og eg har like stor rett til ei meining i debatten som bygdefolk og bønder.

Det finst trass alt mannlege gynekologar.

Eg veit ikkje korleis det er å leve med ulv på eigen eigedom. Men eg veit at sannsynet for å bli skadd eller drepen av ulv er minimal samanlikna med risikoenn for å bli drepen av hund eller elg. Ingen nordmann har blitt drepen av ein ulv sidan 1800.

Hatet mot ulven
Vi menneske tar oss stadig meir til rette i norsk natur. Vi tar frå ulven heimen, jaktar på maten deira, og deretter klagar vi på at dei forsyner seg av det som då står framme.

Mange rovdyr drep fleire sauer enn ulven, men likevel har ulven blitt symbolet på rovdyrmonsteret mange i dag hatar. Det finst grupper på Facebook der ein hatar ulv. Argumentet om at ulven ikkje er ”etnisk” norsk, utgjer noko av gunnlaget.

Rovdyrpolitikken i Noreg har fått fleire utanlandske medium til å reagere. Nettsida On Earth skreiv i oktober om Noregs skyteløyve. Mellom anna tok dei for seg argumentet til ulvemotstandarane om at Noreg ikkje har nok (naturleg) plass til ulven. Likevel har Sverige gått inn for å halde 270 ulvar og Tyskland 46 ulveflokkar, på 6-15 ulvar per flokk – land som er mykje meir folkerike enn Noreg.

Møt Invge Berntsen, Årets unge bonde 2016

Fleire døyr av flugelarver
Sanninga er at ulv står for omkring 1680 dødsfall blant sau (tal frå 2015), mens 118.000 av dei 120.000 sauene som døyr årleg, døyr på utmark.

«Hvordan løser dere da problematikken med at sauer faller ned fjellskrenter og dør? Skal vi for eksempel sprenge bort fjellskrenter? Hvordan løser vi problematikken med at sauer blir kjørt i hjel av bil? Skal vi forby bilkjøring i utmarksbeiter? Hva med de sauene som dør av flugelarver? Skal vi gjeninnføre DDT og sprøyte Norge fra fly?», skreiv Cathrine P. Spange i Dagbladet 19. september i fjor. Ho meiner at norske bønder ikkje passar godt nok på sauene sine, når det årleg døyr 100.000 sauer av andre årsaker enn rovdyr.

Likevel er det ulven som får skylda.

Eg er berre ei enkel byjente. Men eg kjenner at rovdyrpolitikken i dette landet ikkje er foreinleg med mi moralske sans. Dyr er til for si eiga del, og ikkje for oss menneske. Vi utryddar dyr fortare enn nokon gong – mellom anna på grunn av økonomisk interesse, jakt og sport, samt ein sterk, irrasjonell frykt. Sauer er ikkje utryddingstrua, ulven er. Og ulven treng føde for å overleve.

Men først må han lov til å overleve.

Kor mykje caffe latte drikk dei eigentleg i Oslo?

11.jan. kl 8.35. Årstalet for US Fish and Wildlife service sit utslepp av 14 ulvar til Yellowsone National Park er korrigert frå 1955 til 1995.