Så mykje caffe latte drikk me i Oslo

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Vi kan ikke la oss styre av kaffelattedrikkende Rødhette-entusiaster i byen», sa Håvard Jensen (Frp), varaordførar i Hobøl kommune i Østfold då ulvedebatten stod på som verst i starten av året.

Det var ikkje første gong nokon har uttala namnet på den mjølkebaserte kaffidrikken med forakt i røysta i den offentlege debatten. Alt i 2001 skreiv Marie Simonsen i Dagbladet om at ein som engasjerte seg i rovdyrdebatten kunne bli redusert til ein «caffe latte-drikkende asfaltaksjonist».

I 2011 var det Stefan Heggelund i Oslo Høgre sin tur til å harselera med caffe latte-drikkarane på Grünerløkka som uttalar seg om ting dei ikkje har greie på (0:32):

Men er det verkeleg slik at me i Oslo drikk så mykje caffe latte?

Framtida.no har høyrt med nokre av dei som sel kaffi til hovudstadseliten. Dei stadfestar at caffe latte rett nok er ein populær drikk, men han er langt frå einerådande.

Faktisk er trenden at fleire og fleire droppar dei lysebrune mjølkedrikkane og drikk kaffien svart – og trenden er aller sterkast på dei mest trendy av kaffibarane.

Om denne trenden også betyr at Oslo-folket får større rett til å uttala seg om rovdyr, landbruk og distrikt, veit me likevel ikkje.

LES OGSÅ: Hatet mot ulven er grunnlaust, skriv caffè latte-drikkaren Elise Løvereide

– Anbefaler kaffi utan mjølk
– Me sel absolutt caffè latte, men vil ikkje seie at det definerer Oslo-borgarane no om dagen, seier Ida Kristine Stephansen, kundeansvarleg i Tim Wendelboe på Grünerløkka – ein av dei aller mest eksklusive kaffibarane i hovudstaden.

I desember var 12 prosent av kaffidrikkane dei selte caffè latte. 28 prosent var svart kaffi.

– Me oppmodar kundane våre til å drikka kaffi utan mjølk, svart eller rein espresso. Om det er mjølk dei ønskjer så har me til vane å anbefala cappuccino, held ho fram.

Samanlikna med caffe latte inneheld cappuccino mindre steama mjølk og meir mjølkeskum.

Solberg & Hansen på Mathallen, eit Steinkast over Akerselva frå Tim Wendelboe, sel ikkje caffè latte i det heile tatt. «Råvarene står i sentrum, og derfor har vi heller ingen melkebaserte drikker på menyen. Det handler om å bli kjent med råvarenes rene og spennende smaker,» skriv dei på nettsida si.

LES OGSÅ: Mørk framtid for kaffien

Latte på vikande front
Hos dei meir kommersielle kaffikjedene går det ned vesentleg meir caffe latte. Stockfleths serverte til dømes drikken om lag 180.000 gonger på sine 10 kaffibarar i 2016, opplyser marknadssjef Marie Mossige Grythe. Det utgjer om lag ein firedel av kaffisalet deira – det same som salet av svart traktekaffi.

Kaffebrenneriet vil ikkje gå ut med sine salstal, men opplyser om at Café au Lait – som dei kallar det – i alle år har vore den mestseljande drikken i kaffibarane deira. Likevel:

– Dei siste åra har den fått god konkurranse av svart kaffi, som også nokre månader har gått forbi Café au Lait. Men denne drikken er og forblir nok ein av våre aller mest populære drikkar, fortel Marit Toverud, marknadssjef i Kaffebrenneriet i ein epost.

Også Norð bakeri, som har fleire kaffibarar rundt i Oslo, fortel at caffe latte-salet har gått ned dei siste åra.

– Frå og med 2-3 år tilbake har svart kaffi vore på enorm framgang, men mjølkebaserte drikkar sel mykje mindre enn før. Dette trur eg blir oppfatta som konsensus i bransjen, seier Joakim Strand, som anslår at mjølkedrikkane har gått frå å utgjere nesten halve kaffisalet deira til 20-30 prosent på berre få år.

LES OGSÅ: Kaffi får fart på minnet

Studentane likar det svart
Men kva med dei som sosar rundt og leikar meiningselite på Blindern og dei andre lærestadene i  hovudstaden?

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) selte i 2016 rundt 30.000 koppar caffè latte til dei mange studentane og akademikarane i hovudstaden, opplyser Per Christensen, administrerande direktør i SiO Mat og Drikke. Av det totale kaffisalet deira på nesten ein million koppar er dette ein forsvinnande liten del.

Avgrensa til salet frå kaffibarane deira, som er utstyrte med espressomaskinar, var likevel berre kvar niande kaffikopp ein caffè latte (11 prosent). Rundt 60 prosent av salet frå kaffibarane var kaffidrikkar som ikkje er baserte på mjølk, som svart kaffi og espresso.

Busted

At Oslo-folk drikk spesielt mykje latte, eller at latte er spesielt trendy i hovudstaden, viser seg altså å vere ein myte som ikkje stemmer. Konklusjonen må bli at dei som kritiserer ein ulve-venleg politikk bør gjere ein av tre:

• Dokumentere at det latte-drikkande mindretalet på kaffibarane i Oslo har andre haldningar om rovdyr og landbruk enn resten;

• Oppdatere metaforen, til dømes til «slow roasted single origin-drikkande Raudhette-entusiastar i byen»;

• …eller rett og slett slutte å bruke kaffipreferansar som argument i den offentlege debatten.

LES OGSÅ: «eg blir stadig vekk fascinert av kor ofte eg er på kafé,» skriv Jostein Avdem Fretland