Aukar kompetansen til personlege trenarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik blir ein PT på eitt år

Først publisert i Porten.

I Sogndal kan studentar for første gong ta eit årsstudium i personleg trening.

– Det er heilt nytt. Det er første året vi gjennomfører det, seier lærar Vidar Andersen, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

Mange høgskular tilbyr kurs i personleg trening. Men så vidt han kjenner til er det berre Høgskulen på Vestlandet og den private Høgskolen Kristiania i Oslo som tilbyr eit heilt år og seksti studiepoeng.

 Lærar Vidar Andersen

Vidar Andersen ved Høgskulen på Vestlandet trur personlege trenarar vil spele ei stadig større rolle for folk flest. Difor er det viktig å løfte utdanningsnivået i bransjen.

Fleire vil ha personleg oppfølging

 

 

 

 

På Idrettssenteret i Sogndal har Julie Årøy sin aller første time med personleg trenar.

 

 

 

 

– Eg har trent her før, men ikkje tatt PT-time. Så eg trur eg får meir utbytte av det no. Det er viktig å lære seg å gjere øvingane korrekt for å få utbytte av treninga, seier ho.

Trenaren hennar for dagen, Øyvind Brennset, seier dei merkar at stadig fleire ønskjer personleg oppfølging.

– I Sogndal har vi kanskje lege litt etter byane, der det er veldig mykje PT. Men no har det kome meir her på bygda òg. Folk ser at det er ei god investering i helsa. Det kan vere store summar, men viss du ser kva du brukar på bil eller øl, eller kva det måtte vere, så er det ei god investering for mange, seier Brennset.

Det er ikkje uvanleg at folk brukar fleire titals tusen kroner i året på personleg trenar. Men ei undersøking gjort av fagforeininga Virke Trening viser at 70 prosent av dei anten berre har kurs eller halvtårsutdanning. 

På Idrettsenteret, der Brennset jobbar, er det krav om utdanning på bachelornivå. Han meiner det er bra for bransjen at Høgkulen no tek faget under sine vengjer.

– Det er heilt fantastisk. Det er ei kvalitetssikring at du må ta studiepoeng for å få ein PT-tittel. Det tykkjer eg er bra for seriøsiteten i bransjen, sjølv om eg trur det har blitt veldig mykje betre dei siste åra, seier han.

LES OGSÅ: Sjølvsagt skal du følgja draumane dine. 

Ikkje berre for muskelbyggjarar
Lærar Vidar Andersen ser òg ein bransje i vekst og dermed ein aukande arbeidsmarknad for studentane. 

– Men vi ser at det er behov for meir utdanning. I allefall viss du ser det i samanheng med at stadig fleire bruker treningssenter, ikkje berre dei som friske og raske, men òg dei som har skavankar og ønskjer å bli friske. Det gir auka behov for kompetanse, seier han. 

Årstudiumet deira skil seg ikkje berre ut i omfang, men òg moglegheita til å gå vidare på ei idrettsutdanning etter året er omme. Fjorten dagar praksis er òg eit unikt salsargument.

For student Bjarte Eilifsen, som allereie har ein bachelor i idrett, vart nettopp det avgjerande.

– No skal vi snart ut i praksis i Bergen, eg og kompisen min her. Så det er det eg ser fram til: å lære litt meir om korleis vi skal trene kunden, seier Eilifsen.

Responsen kan tyde på at Høgskulen har truffe blink med det nye studiet.

– Vi har full klasse, tjuefire studentar og over seksti søkarar. Når du då legg til at dette er første året, så tenkjer eg det er noko som forhåpentlegvis er kome for å bli, seier lærar Vidar Andersen.

LES OGSÅ: Slik held du på treningsiveren.