Stadig færre røykjer, men fleire snusar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færre røykjer, men fleire snusar

Delen daglegrøykjarar har gått ned frå 24 prosent til 13 dei siste ti åra. 

Blant både kvinner og menn er det dei siste åra blitt færre daglegrøykjarar og færre som røykjer av og til, viser ferske tal frå SSB.

LES OGSÅ: Trur ikkje på å nekta unge vaksne røyk

Fleire yngre kvinner snusar
Kvinner og menn har følgt kvarandre både i nedgang og nivå sidan overgangen til 2000-talet.

Samtidig har forbruket av snus auka dei siste åra. Særleg blant yngre kvinner. Ei av seks kvinner i alderen 16–36 år snusar dagleg. Snusbruken aukar mest både blant menn og kvinner i denne aldersgruppa. Likevel er det framleis vanlegare å røykje dagleg enn å bruke snus dagleg.

Flest røykjarar er det i alderen over 45 år. I alderen 16–24 røykjer berre 4 prosent dagleg.

LES OGSÅ: Snus er like farleg som røyk