Fleire vil ha «kjøtfri måndag»

Interessa for kjøtfrie dagar og reduksjon av kjøtinntaket har auka dei siste åra, men vi vil framleis ha meir av enkelte kjøtprodukt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ser ein tendens til at fleire enn før ønskjer å redusere kjøtinntaket i kvardagen. Det er ikkje snakk om ei dramatisk endring, det gjeld rundt ein av fire, og det har utvikla seg over tid, seier samfunnsanalytikar Anne Zondag i MatPrat, som fremjar sal av norskproduserte egg og kjøt på vegner av Opplysningskontoret for egg og kjøt.

Fleksitarianarar et kjøt, men kan også velje vekk visse typar kjøtprodukt av ulike grunnar. Nokre vel seg ein eller fleire kjøtfrie dagar i veka.

Men så kan det vere stor forskjell mellom kva folk seier dei ønskjer og kva dei faktisk gjer:

– Undersøkingane våre viser også at forbrukarar ønskjer å ete dei eksklusive kjøtprodukta oftare, til dømes norsk lammekjøt. Heile 55 prosent synest utvalet av ferskt lammekjøt er for dårleg, seier Zondag til NTB.

Ho forklarer det med at kvalitetsråvarer som blir oppfatta som eksklusive, framleis står høgt i kurs hos norske forbrukarar. Når folk kuttar kjøtforbruket, er det oftast farse, pølser og tilarbeidde kjøtprodukt dei vil kutte ned på.

Auke
Ei undersøking blant over 2.000 av kundane til Norgesgruppen viser at rundt halvparten av dei spurde handlar vegetariske produkt, og at rundt 18 prosent gjer det ofte. Hovudårsaka til at dei handlar meir grønt er at dei har eit medvite ønskje om å redusere kjøttinntaket. Tala i undersøkinga stemmer godt overeins med resultata frå MMIs «Norske spisefakta 2016», der prosentdelen som er interesserte i vegetarmat er gått opp frå 16 til 21 på to år, ifølgje NRK.

Den seinaste tida har Coop og Norgesgruppen lansert ei rekke nye vegetarprodukt, i kjøledisk, ferskvaredisk og frysedisk. Mange av desse etterliknar kjøttypar som forbrukarane vil kutte ned på, som burgarar og tilarbeidd kjøt. Det sel bra.

– Det handlar ikkje om å velje vekk kjøt eller fisk, men å ha meir å velje mellom. For å ete sunnare og endå meir variert, seier Vegard Kjuus, administrerande direktør i Meny, som reknar med ei vegetarbølgje neste år og ein salsauke på 500 prosent for denne varegruppa.

Oslo-trend
Meny-lanseringa av dei nye vegetarprodukta var lagt til Grünerløkka i Oslo, ikkje utan grunn.

– Tanken var at viss det ikkje lykkast der, lykkast det ingen stader i Noreg, seier kommunikasjonsrådgivar Eli Strand i Meny, som konstaterer at det slo an:

– Vi har treft et eller anna som verkeleg er i tida, særleg blant unge menneske.

Samfunnsanalytikar Zondag i MatPrat ser også fleksitarianisme som eit byfenomen, godt synleg i indre Oslo:

– Det er mogleg å få tak i andre stader i landet, men først og fremst i byane og der det er mykje studentar. Det er vanskeleg å seie om dette vil spreie seg til heile landet.

Klimatiltak
Ho minner samtidig om at eit klima- og helsevennleg kjøttinntak kan gjerast på fleire måtar enn å ete vegetarisk:

– Porsjonsstorleikane kan reduserast, eller ein kan kaste mindre mat, kanskje det aller viktigaste verkemiddelet. Her ser vi at folk er blitt meir medvitne.