Sp vil fjerne trusstøtta til utanlandske borgarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil kutte trusstøtte til utlendingar

Det seier Sp-nestleiar og leiar av programkomiteen, Ola Borten Moe, til NRK. Han meiner at grunnlaget for støtte til trussamfunna berre bør reknast ut frå talet på norske statsborgarar blant medlemmene.

– Alle i Noreg står sjølvsagt fritt til å utøve trua si på vanleg vis, men det er ikkje nødvendigvis jobben til det norske fellesskapet å betale for det, seier Borten Moe.

LES OGSÅ: Miljøorganisasjonar i strupen på Borten Moe

Partiet meiner også at mandatfordelinga på Stortinget ikkje bør regulerast av folketalet i kvart fylke, slik det blir gjort i dag, men ut frå talet på innbyggjarar med norsk statsborgarskap.

– Eg synest det er unaturleg at mandatfordelinga på Stortinget baserer seg på talet på innbyggjarar, all den tid du er nøydd til å vere norsk statsborgar for faktisk å kunne stemme, seier Borten Moe.

Olaug Bollestad i KrF er kritisk til forslaga og seier blant anna at dei som ikkje har stemmerett, treng personar i Stortinget som taler deira sak.

LES OGSÅ: Sp-aksjon skal stoppe tvangssamanslåing av kommunar