Miljøorganisasjonar i strupen på Borten Moe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I strupen på Borten Moe

Ola Borten Moe leidde programkomiteen i Sp, som legg fram sitt forslag til nytt partiprogram denne veka. Den tidlegare olje- og energiministeren og noverande oljegründeren fortel til Trønder-Avisa at klima- og miljøpolitikk blir blant partiets viktigaste saker. Han varslar eit knallhardt oppgjer med miljøorganisasjonar, som han kritiserer kraftig.

– Altfor lenge har ei ganske lita gruppe profesjonelle skråstrek statsbetalte miljøorganisasjonar fått definere kva som er «god latin». Det tar vi eit kraftig oppgjer med i vårt partiprogram, seier Borten Moe til avisa.

I fornekting
Sp-nestleiaren er bonde og éin av gründerane og eigarane av oljeselskapet Okea. Dette forklarer at han går så hardt ut mot miljøforkjemparane, meiner både Greenpeace og Bellona, som kommenterer uttalane i kvar sin pressemelding.

– Det er kanskje dette ein må vente når ein set eigaren av eit oljeselskap til å leie programarbeidet. Men om Ola Borten Moe no står fram som fullblods klimafornektar, vil eg seie det er oppsiktsvekkjande, seier Bellona-leder Frederic Hauge.

Truls Gulowsen, leiar i Greenpeace i Noreg, meiner Borten Moe, som skogbonde og direktør i Okea, sjølv nyt godt av statlege subsidiar og skattefrådrag:

– Det er ikkje overraskande at han vil svekkje miljørørsla. Det som er meir overraskande, er at vi kan risikere at han får med seg resten av Senterpartiet på dette, seier Gulowsen i pressemeldinga.

Statsstøtte
Borten Moe omtaler miljøorganisasjonar som statsbetalte. Gulowsen meiner han bør feie for eiga dør:

– I motsetning til Moe, som tek imot monaleg med statlege midlar, så tar Greenpeace av prinsipp ikkje imot pengar frå korkje næringsliv eller stat i noko land.

Hauge tar angrepet på miljørørsla med ro.

– Miljøorganisasjonar er i stor grad drive av støtte frå medlemmer og frå næringslivet. Eg trur både selskapa og politikarar veit å nytte, og setter pris på, kunnskapen miljørørsla har.

Liksomdebatt
Senterpartiets første nestleiar meiner å sjå stadig fleire «liksomdebattar, skinndebattar og tulledebatter» i klimaarbeidet og trekkjer fram klima- og miljøminister Vidar Helgesens (H) idé om klimamerking av kjøtt.

– Han ønskjer ikkje å redusere forbruket, men vil redusere norsk produksjon av kjøtt og ha meir import frå utlandet, seier han.

Borten Moe vil òg bruke dei pengane Noreg bruker til å subsidiere elbilsal på skogpolitikk i staden. Han meiner fotosyntesen, der planter tar opp CO2 og gjer det om til oksygen, er billigare alternativ enn teknologiske løysingar for co?-reinsing.

Bellona trur Noreg vil tape om Borten Moes haldningar generelt vinn fram i politikken.

– Han er heilt blind for dei nye moglegheitene og marknadene som vil opne seg på veg til lågutsleppssamfunnet. Vårt inntrykk er at det norske næringslivet er svært opptatt av dette, og alt er i gang med å posisjonere seg, seier Hauge. (©NPK)