Redaksjonell rapport for 2016

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av 2016 har over 475.000 brukarar vore innom Framtida.no. Det er ein auke på 85.000 samanlikna med i 2015 – og ny rekord.

Talet på daglege og vekentlege brukarar auka også i 2016. I snitt var 12.600 brukarar innom Framtida.no kvar veke i år, ein auke på 1600 frå året før.

Den mest lesne saka vår i 2016, Facebookfenomenet Dangfart Tønnessen, er så langt vist over 34.000 gonger på Framtida.no og er den nest mest lesne gjennom tidene – berre slått av Are Kalvø-teksten Skandale-regjering frå hausten 2013 som er lese over 45.000 gonger.

I løpet av 2016 har trafikken på mobil auka med over 87 prosent fleire økter samanlikna med året før, og me planlegg å halda fram denne auken.

Framtida.no vil i løpet av vinteren skifta publiseringssystem, og koma med ny design på nettsidene våre som viser fram meir av innhaldet vårt og som fungerer endå betre på mobil.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære sakene i 2016

Meir eigenprodusert stoff
I 2016 har Framtida.no hatt ein redaksjon tilsvarande fire årsverk. Andrea Rygg Nøttveit og Svein Olav B. Langåker er fast tilsette. Tora Hope jobba deltid som forskingsjournalist ut mai. Runar B. Mæland jobba frå slutten av juni i eit engasjement som forskingsjournalist og allround-journalist og Åsmund H. Eikenes byrja som forskingsjournalist i september. Redaksjonen har kontor i Oslo og på Stord.

Fleire frilansarar, kommentatorar, bokmeldarar og andre skribentar har skrive for oss gjennom heile året. Anders Veberg har jobba som sommarvikar og tilkallingsvikar, og Camilla Brugrand og Ida Birgitte Andersen Hundvebakke har jobba som helgevakter og tilkallingsvikarar i vår. Elise Løvereide har vore tilsett i Magasinett, og jobba som ein del av Framtida.no-redaksjonen med base i Bergen.

I løpet av 2016 har Framtida.no publisert over 2100 artiklar. Sidan september 2010 har me publisert over 13100 artiklar.

Ein aukande del av artiklane våre er eigenproduserte. Me har òg hatt ein auke i debatt- og kommentarartiklar. Meiningsstoffet er eit satsingsområde for oss. Dette blir òg mykje lese.

Framtida.no-redaksjonen i september: Frå venstre: Svein Olav B. Langåker, Andrea Rygg Nøttveit, Runar B. Mæland og Åsmund H. Eikenes.

Journalistikk som blir lagt merke til
I løpet av året har Framtida.no fått omtale eller blitt sitert 145 gonger i papiraviser, ifølgje buyandread.com. Det er det nest høgaste talet i vår vel seks år gamle historie, berre slått av fjoråret.

Ifølgje Retriever er Framtida.no sitert eller omtalt i andre nyheitsmedium på nett og papir 300 gonger i 2016 mot 373 gonger i 2015, 328 gonger i 2014, 172 gonger i 2013, 251 gonger i 2012 og 116 gonger i 2011.

ABC Nyheter har brukt 62 saker frå Framtida.no – det same som året før. Fleire av sakene har vore blant dei mest lesne hjå dei. Nynorsk Pressekontor, NRK og fleire av dei store riksavisene har sitert fleire saker frå oss.

Debattprosjekt og arrangement
Til liks med fleire andre medium blir arrangement eit nytt bein å stå på for Framtida.no.

I 2014 og 2015 samarbeidde Framtida.no med åtte bibliotek, seks skular og to ungdomsråd i Sunnhordland om debattprosjektet Me snakkast. Over 450 ungdommar deltok på debattkurs, og kring 1000 deltok på tolv opne debattar. Debattsamarbeidet har heldt fram i 2016, og Framtida.no vore med på å arrangera fem debattkurs med vel 200 elevar i tre kommunar.

Då Nasjonal bibliotekstrategi blei lagt fram hausten 2015, var debattprosjektet eitt av tre prosjekt for ungdom som blei trekt fram som gode døme. Debattmodellen vår har no blitt ein modell som fleire ønskjer å kopiera, og me planlegg fleire debattkurs og debattar i året som kjem.

Framtida.no har òg bidrege som debattleiar i fleire debattar om kommunereforma, leia ein samtale om Riksteateret si førestilling Samfunnets støtter og vore med som intervjuar i ein turné til fem bibliotek om Syria og flyktningsituasjonen.

Elevar frå Kvinnherad vidaregåande på ein open Me snakkast-debatt i Kvinnherad bibliotek februar 2016 om integrering i regi av biblioteka i Sunnhordland og Framtida.no.

Forskingsjournalistikk
Vinjefondet løyvde hausten 2015 støtte til eit engasjement som forskingsjournalist. Tora Hope jobba i deltid som forskingsjournalist frå november 2015 til juni 2016. Ho har bakgrunn som samfunnsgeograf og journalist. I juni byrja Runar B. Mæland som forskingsjournalist. Han er utdanna filosof og erfaring frå både media og politikk. I september byrja Åsmund H. Eikenes også som forskingsjournalist. Han har doktorgrad i cellebiologi og gav i september ut den populærvitskaplege Handboka. Alt du vil vite om hendene dine – og litt til.

Forskingsjournalistane våre har laga variert forskingsjournalistikk for lesarane våre. Me har mellom anna intervjua elevar på vidaregåande som får testa kvardagen som kreftforskarar, me har rapportert frå New Scientist sin forskingskonferanse i London og laga reportasje om studentar som skal måla elektriske felt på månen. Fleire av sakene våre har blitt plukka opp av andre medium.

Ny teknologi og etikk – tenkologi
Fritt Ord har støtta denne serien, som forskingsjournalistane våre har jobba mest med. Målet med serien er å gi lesarane innsikt i korleis teknologiske nyvinningar utfordrar vante etiske og filosofiske førestillingar. Me ønskjer å starta diskusjonar om korleis me skal omgåast med teknologien som endrar den moralske omverda vår.

Me har mellom anna intervjua ein av Noregs første kyborgar, me har laga sak om etiske problem med sjølvkøyrande bilar og fleire saker om korleis kunstig intelligens og robotar kan påverka framtida vår.

Sjå fleire saker i serien vår her!

Prosjekt: Verdsklassikarar på nynorsk
Denne hausten har me hatt ei eiga satsing på å skriva om verdsklassikarar på nynorsk. Me byrja serien samstundes som Forvandlinga av Franz Kafka kom ut første gong på nynorsk, i Jon Fosse si omsetjing. Fosse var med på ei direktesendt opplesing av boka frå Grotten, saman med elevar frå vidaregåande Stord og frivillige i Jostedalen. Opplesinga fekk merksemd i fleire medium.

Elles har me skrive om fleire andre klassikarar som har kome på nynorsk – og kva unge i dag kan læra av klassikarane. Sjå artiklane våre i serien her!

Jon Fosse og elevar ved Stord vidaregåande las høgt frå Forvandlinga av Franz Kafka direkte på Framtida.no.

Gode samarbeidspartnarar
I 2016 har me fått fleire nye samarbeidspartnarar. Mellom anna har endå fleire bibliotek byrja å leggja ut bokmeldingar og anna litteraturstoff frå Framtida.no på sidene sine.

Me har samarbeidd med Tekna og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) om eit seminar om rekruttering av teknologar, og me har heldt fram samarbeidet om seminar for lærarar og bibliotekar på HSH under den nynorske barne- og ungdomslitteraturfestivalen Falturiltu.

LES MEIR: Slik får du siste boknytt til heimesidene dine!

Me samarbeider framleis med lokalavisene Bømlo-Nytt, Møre-Nytt, Møre, Porten.no, Ryfylke, Nordhordland, Vigga, Bladet Tysnes, Tysvær Bygdeblad, Vikebladet Vestposten, Vestavind, Bø Blad, Fjuken, Grannar, Hallingdølen, Kvinnheringen, Strandbuen, Suldalsposten, Sunnhordland og Vest-Telemark Blad, i tillegg til Dag og Tid, Magasinett, Norsk Barneblad, LNK.no og studentavisene Universitas, Studvest, Peikestokken og Dusken.no. Dette har gjeve Framtida.no tilgang på mykje godt lesestoff, samstundes som det har gjeve samarbeidspartnarane meir trafikk gjennom direkte lenker til nettavisene deira.

Fleire aviser har i tillegg vald å leggja ut ein nyhendeboks på sidene sine, slik at lesarane deira får høve til å klikka på dei siste overskriftene til Framtida.no direkte på lokalavisa si nettutgåve.

Med Magasinett har me samarbeidd om to skrivekonkurransar i løpet av 2016.

LES MEIR: «Dataspel – Ikkje så dumt som ein skulle tru»

Økonomi
ABC Startsiden har støtta Framtida.no med 200.000 kroner og gratis kontorlokale i 2016 – medan Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) støtta med 400.000 kroner direkte til Framtida.no. 200.000 av desse kjem frå støtte som LNK får frå Fagforbundet. Pirion og Magasinett har òg støtta Framtida.no.

I 2016 har Framtida.no hatt ansvar for den redaksjonelle drifta av LNK.no, og har fått 450.000 i kompensasjon for dette. Me har òg fått ansvar for drifta av Pirion.no. Frå i sommar tok Framtida.no-redaksjonen over den redaksjonelle drifta av Norsk Tidend, og får kompensert for dette.

Norsk Kulturråd har støtta serien vår om verdsklassikarar på nynorsk. Fritt Ord støttar serien om ny teknologi og etikk.

Vinjefondet støtta forskingsjournalistane våre frå slutten av 2015, i heile 2016 og har gjeve tilsegn om støtte for 2017. Når ein aukande del av finanseringa vår er prosjektstøtte, er me veldig glade for at støtta er over fleire år.

Elles har me noko lågare inntekter frå annonser i 2016 – mest på grunn av ei omlegging av annonsestyringssystemet vårt. Me utfører også marknadsundersøkingar og anna konsulentarbeid for nokre lokalaviser, og me hatt ein del inntekter frå sal av artiklar til lokalaviser, debattkurs, leiing av debattar og bokbad.

Abonnement
I 2016 er det endå fleire aviser som har lagt ut nyhendeboksar frå Framtida.no på sidene sine. Me har òg gjort det lett for biblioteka å leggja ut siste nytt om bøker, siste bokmeldingar og bokquizar frå Framtida.no på nettsidene sine. Så langt har minst 21 bibliotek lagt ut dette på nettsidene sine.

Les meir om dette og korleis du klikkar deg til meir nynorsk her!

Framtida.no har òg eit nyhendebrev for boknytt. Meld deg på her!

Planar for 2017
Me skal bli endå betre på å skriva om kultur, politikk, klima, identitet, skule og jobb/yrkesval for ungdom. Me ønskjer å bli oppfatta som ei seriøs avis for unge som tar ungdom og generasjon alvor på alvor. Me vil likevel ikkje berre vera alvorlege – det må vera rom for underhaldning òg. Dette er ein strategi som me vil følgja i året som kjem.

Me vil satsa særskilt på å dekkja stortingsvalet på ein måte som engasjerer unge. Me vil halda fram med å invitera til debatt både på nett og i fleire bibliotek som me samarbeider med.

Me vil òg halda fram med satsinga vår på forskingsformidling.

Framtida.no vil i løpet av vinteren skifta publiseringssystem, og koma med ny design på nettsidene våre som viser fram meir av innhaldet vårt og som fungerer endå betre på mobil.

Framtida.no vil òg vera med på å utvikla ei nynorsk nettsatsing for born som skal stå klar til hausten.

Framtida.no vil i året som kjem invitera endå fleire aviser, skular og kommunar til samarbeid.

Målet vårt er å vera eit lokomotiv for nynorsken på nett saman med Startsida.no, Magasinett, LNK.no, Pirion og alle dei andre samarbeidspartnarane våre.

Les dei redaksjonelle rapportane våre frå 2015, 2014, 2013, 2012 og 2011!

Har du tips til oss korleis Framtida.no kan bli endå betre – ta kontakt med redaktør Svein Olav Langåker på epost!