– Ein god følelse å tenkja på det du har fått til

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein god følelse å tenkja på det

Saka var først publisert i Suldalsposten. 

Sidan september har  Lars Lunde og  Steven Saad Elias halde på med å vøla gardshuset til Ole Martin og Marit Eikeland i Neset. Det gamle huset ligg med fine proporsjonar og perfekt utsikt til Suldalslågen, som her går i slake, vakre kurvar. Kledninga lyser gyllent i desemberdagsmørkret. På taket ligg raude panner i stablar, men der er det altfor glatt å vera i dag.

Innearbeidet
Dei held seg inne i dag, akkurat nå er det arbeid på kassetten som skal husa skyvedørene mellom stova og kjøkken.

Oppe i andre etasje arbeider Øyvind Kjetilstad, som også er med på rehabiliteringa. Ei kraftig arbeidslampe lyser opp tømmeret i veggene nede i det som skal bli stova.

Lars skisserer fort opp planen. Han klarerer med effektiv underarm ein flik av eit kaotisk bord ved vindauget, skrur toppen av termosen og fyller eit prega krus.

Les Røde Kors sine fire tips til korleis du kan bidra til kvardagsintegrering!

Interiørverkstad i Irak
Steven har vore med Lars, som driv sitt eige snikkarfirma, i fire år, og saman har dei vore på mange og forskjellige prosjekt.

Denne jobben i Neset er veldig kjekk, her er det duka for varierte arbeidsoppgåver. Steven stortrivst med å arbeida med tre, og han likar godt finarbeid i møbelsnikkargata. Ikkje så rart kanskje, i og med at barndommen i Irak rett som det var spelte seg ut i farens interiør -og møbelverkstad.

Mellom stolane som femtenåring
– Han lagde alt muleg der, frå sofa og kjøkkeninnreiingar, til dører og andre møblar, fortel Steven, som flykta frå heimlandet i 2007.

Til Suldal kom han i 2009, etter eit opphald på mottak i Bergen. Han legg ikkje skjul på at han opplevde å falla mellom dei fleste stolar, å vera flyktning og femten er inga enkel sak. Alle trudde andre tok ansvar, men den nykomne ungdommen blei gåande utan særleg hjelp i eit nytt land og eit heilt nytt språk.

Meininga med dagen
Ifølgje SSB si årlege spørjeundersøking er nordmenn meir skeptiske til innvandrarar enn før. I 2016 svarar berre 66 prosent at dei meiner innvandrarar gjer ein nyttig innsats i arbeidslivet, mot 72 prosent i fjor.

Steven veit godt at det i Noreg går an å få pengar inn på konto kvar månad utan å stå opp og gå på jobb kvar morgon. Og:  

– Det kan jo vera godt å sova lenge, men når du står opp klokka tolv og lurer på kva meininga med denne dagen er, er det ikkje så godt, konstaterer han, som meiner arbeid er veldig viktig.

Grunnen summerer han opp slik:

– Når du kjem heim, kan du eta middag, slappa av og tenkja på det du har fått til og fått gjort. Det er ein god følelse.
Han smiler. Sjefen ser på han og smiler også.

Grenser for arbeid
Sistnemnde er også ein apostel for arbeidsgleda, men firebarnsfarenerkjenner at det går til ei grense, også med arbeid. Han ler og veiftar bort nærgåande spørsmål om timetal i vekene som om dei var veps. Men jo, det er slutt på doble veker og natt og dag i ei koke.

– Familie og barn betyr mykje. Eg merkar også godt at eg slutta med mjølk og berre har sau igjen på garden, fortel han. Og smiler.

– Men ja, det er bra med arbeid. Det er kjekt å sjå seg tilbake, kva ein har fått til. Han kikkar opp i taket.

– Men bevare meg vel, nå skal det ikkje høyrast ut som om eg får til meir enn andre. Det er mange som får ting gjort her.

Språkfrustrasjonane
Lars og Steven har defintivt arbeidsgleda til felles, men i deira arbeidsfellesskap har språket vore ei utfordring.

– Det er klart at misforståingar kan vera givande, men dei kan sanneleg også vera frustrerande, konstaterer Lars. Ser på Steven og flirer:

– Du får berre seia kva eg gjer då..

– Då kjeftar han litt, ler Steven. Dei to fortel at når det flokar seg i språket, må dei gå rundar og rydda opp i det.

– Eg kunne sikkert vore flinkare til å ta ting litt i førekant, men det er ikkje alltid så enkelt, erkjenner Lars.

LES OGSÅ: «Kvardagsintegrering» er årets nyord 

Tålmod med listene
Steven snakkar nå norsk ganske så flytande, han kan rapportera om flott framgang etter at han starta med ein til ein-undervisning to timar i veka.

– Men han er tåleg, han kunne vore hardare i diskusjonane, meiner Lars. Steven sit berre og smiler. Tar livet med ro.

– Han er den tålmodige. Han gir seg ikkje, blant dei tinga han er god på er innvendig listing, smiler Lars.

– Men nå er det du som må fortelja korleis det er! Han slår ut med armane og lener seg tilbake på pinnestolen. Snur termosen opp og ned og rister ut dei siste dråpane.

Niste-overgangen
I Irak er også arbeid ein høgt skatta verdi, men niste er eit heilt ukjent begrep. Der går dei heim i to-tida og får seg eit varmt måltid som er budd av mor, søster eller kone. Så drikk dei te og kviler litt. Så blir det ei ny økt, denne gongen ut i kvelden.

Men norsk niste synest Steven er heilt gode greier. For han er det sju-åtte skjever med kvitost som gjeld. Lars smører skjevene sine på arbeid, det går gjerne mellom ti og fjorten stykk, og syltetøy og kjøttpålegg er klare favorittar. Ein halv times tid set dei seg med maten.

Då blir det fort til at Steven sjekkar mobilen. Lars snakkar ofte med kunden.

Av og til blir det planleggingsmøte over skjevene.

Les heile saka i Suldalsposten.