Taxfree-ordninga og utlandskvoten har store negative verknader på folkehelsa, miljøet og statsinntektene. Men korkje regjeringa eller Stortinget vågar å gjera noko med ordninga.

Jon Hustad, Dag og Tid
Jon Hustad, Dag og Tid

Saka var først publisert i Dag og Tid.

Tenk deg at vi ikkje hadde taxfree-ordninga, at nordmenn ikkje fekk kjøpa billeg snop, sprit og snus når dei drog ut og inn av landet. Så vedtok Frps landsmøte at Noreg burde få ei slik ordning for å subsidiera turisme, fly, ferjer og tungtransport. Korleis hadde Venstre og KrF reagert då? Venstre ville sjølvsagt ha laga eit lurveleven på vegner av miljøet og åtvara kraftig mot ein dramatisk auke i utsleppa av CO2. KrF på si side hadde i sterke ordelag åtvara mot dei store alkohol-, sukker- og  tobakksskadane. Og kvar ein finansminister som ikkje var medlem av Frp, hadde straks og med ein gong sagt at ei slik ordning ville ha ført til milliard­tap i skattar og avgifter.

Men høyrde vi noko krav frå Venstre og KrF om å fjerna taxfree-ordninga under tingingane om statsbudsjettet? Nei, det vi enda opp med i staden, var ein marginal auke på 15 øre per liter bensin og 35 øre for diesel, i tillegg til ei biodrivstoffinnblanding på 20 prosent, ei innblanding som få om nokon seriøs forskar trur vil få ned dei globale utsleppa. Taxfree-ordninga har vorte ei heilag ku i norsk debatt og vert i røynda stadig meir utvida i takt med at stadig fleire som reiser med ferje og fly ut av landet, vert tvinga til å gå mellom brennevinshyller og sukkerstablar. Så seint som i 2014 utvida Siv Jensen alkoholkvotane for dei som ikkje tok med seg tobakk.

LES OGSÅ: Alkohol har ikkje positiv helseeffekt

Store summar
Det er tale om store summar som ikkje hamnar i statskassa, summar som vert nytta til å subsidiera auka trafikk både innanlands og utanlands. I 2015 var dei reine taxfree-inntektene for Avinor, selskapet som driv dei fleste norske flyplassane, på 2,5 milliardar. I tillegg kom leige- og salsinntektene frå alle dei andre butikkane og barane som leiger areal på flyplassar; denne summen var på knapt 1,7 milliardar. Til samanlikning var inntektene frå det som er hovudoppgåva til Avinor, flyging, på under 3,1 milliardar. Men denne siste summen hadde vore mykje mindre om Avinor ikkje hadde hatt inntektene frå sprit- og tobakkssalet, for desse inntektene vert i hovudsak nytta til å subsidiera flytrafikken. Enkelt sagt: Utan taxfree-ordninga hadde flytrafikken i Noreg, og ut og inn av Noreg, vore mykje dyrare og dimed hadde langt færre nytta fly.

I år ligg det an til ein sterk auke i taxfree-inntektene. I tredje kvartal var dei reine taxfree-inntektene på 777 millionar, medan flytrafikkinntektene var på 799 millionar. Legg vi til leigeinntektene som Avinor har grunna taxfree-inntektene, er biletet heilt klårt: Avinor har langt høgre inntekter frå taxfree-ordninga enn dei har frå det som er hovudoppgåva, å driva flyplassane våre.

LES OGSÅ: Nyttårsforsett: Eit kortreit år

Rik sunnmøring
Avinor er langt frå åleine om å tena på taxfree-ordninga. Ein annan svært sentral figur er sunnmøringen Olav Nils Sunde, som er hovudaksjonær i Color Group AS. Han hentar ut store summer på å driva med ferjetrafikk til kontinentet. I 2013 kjøpte han til då Oslos dyraste husvære nokon gong, Sunde gav 236,5 millionar for eit husvære ytst på Tjuvholmen. Color Line og Color Group seier ikkje i årsrapporten kor stor omsetninga er for taxfree-handelen, men i 2015 omsette Color Group for 4,6 milliardar, men betalte berre 22,7 millionar i skatt på driftsresultatet, som var på 277 millionar.

Men Color Line og andre selskap som er registrerte i Norsk Ordinært Skipsregister har ikkje berre tilgang til å selja taxfree-varer; dei mottek òg ein direkte subsidie gjennom noko som heiter nettolønsordninga. Det er ei nokså underleg ordning, som verkar slik: Sjøfolk betaler inn vanleg skatt, som igjen gjev tilgang til dei vanlege norske velferdsordningane, men det er ikkje staten som får skatteinntektene, dei får reiarane. I 2015 kosta ordninga staten vel 1,7 milliardar, og kvar sjømann i ordninga vert dimed subsidiert med 145.000 kroner. Color Line åleine har 1800 sjøfolk på ferjene og tek dimed mot ein stor direkte subsidie, som igjen delvis er ein direkte konsekvens av taxfree-ordninga.

For som alle som har reist med ferjene til Sverige, Danmark og Tyskland, veit, gjer taxfree-ordninga at selskapa nesten kan gje gratisbilettar til passasjerane. I 2015 hadde Color Line åleine knapt 3,9 millionar passasjerar og frakta 920.000 bilar. Det er vanskeleg å finna tal for kor mykje CO2 Color Line slepper ut, men om rekneskapen er rett, kjøper dei bunkers for 488 millionar, som skal gje eit utslepp på 600.000 tonn CO2.

LES OGSÅ: Gir opp krav om CO2-utslepp frå fly

Fremtiden i våre hender
I 2007 gjorde Fremtiden i våre hender eit reknestykke på kor mykje ei flyreise var sponsa med om ein nytta taxfreekvoten, som altså har vorte utvida seinare. Då kom dei til at kvar flypassasjer var subsidiert med 1410 kroner per reise. I 2016-kroner svarar det til 1700 kroner. Dette igjen generer sjølvsagt store CO2-utslepp, men det fine for Noreg er at internasjonal flytrafikk ikkje er ein del av den nasjonale klimarekneskapen. Og her er vi kanskje framme ved kvifor det er så lite debatt om taxfree-ordninga, for kvifor skal Stortinget avvikla ordninga når ho ikkje slår inn på den nasjonale klimarekneskapen?

Men indirekte gjer ho likevel det. Innanriks flytrafikk hadde i 2014 utslepp på 1,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar, og nett innanriks flytrafikk er den forma for utslepp som aukar snøggast. Ein av hovudgrunnane til at desse utsleppa er så store og aukar så raskt, er taxfree-ordninga, for Avinor nyttar inntektene frå taxfree-salet til å halda nede flyavgifta og subsidierer flyplassane i distrikta.

Nett denne subsidien var den såkalla grønne skattekommisjonen oppteken av då dei hausten 2015 la fram ei rekkje forslag til omlegging av den norske skatte- og avgiftspolitikken i grøn retning. Dei peika på at ordninga førde til at norske flyplassar omset for 5 milliardar i taxfree-varer, ei omsetning som vert nytta til å gjera drifta av dei 46 flyplassane i Noreg billegare: «Utvalget foreslår å oppheve adgangen til å innføre alkohol- og tobakkvarer toll- og avgiftsfritt. Forslaget innebærer at det ikke kan innføres slike varer uavhengig av hvor de er kjøpt, dvs. heller ikke ved ankomst (kvotene settes til null).» Siv Jensen skaut straks og med ein gong ned framlegget.

LES OGSÅ: Mållaget hevar glaset for Vinmonopolet

Vinmonopolet
Men noko anna er kanskje på trappene, og det er eit framlegg frå KrF om å gje Vinmonopolet ansvaret for å drifta taxfree-ordninga ved dei norske flyplassane. Dette framlegget vert utgreidd i denne stortingsperioden.  Analyseselskapet Menon fekk difor i oppdrag frå Travel Retail Norway (TRN) – som er deleigd av den tyske Heneimann-gruppen og som Avinor nyttar til å driva taxfree-ordninga – om å greia ut kva konsekvensar det ville ha. Rapporten som vart resultatet, heiter «Økonomiske konsekvenser dersom Vinmonopolet tar over taxfree­salget av alkohol på flyplasser i Norge». Rapporten inneheld ein del interessante tal. Berre 36 prosent, 1,7 milliardar, av omsetninga til TRN på flyplassane er alkohol, men halvparten av alle kostnadene som TRN har, går direkte attende til Avinor i form av leigeinntekter, som altså gjev dei 2,5 milliardar i inntekter frå taxfree-salet.
Ein digresjon her er at den norske staten gjennom Vinmonopolet potensielt kan tena mykje meir på alkohol enn i dag. For rapporten syner òg at Vinmonopolet ikkje er ein effektiv innkjøpar. Den same vinen som TRN kjøper inn, må Vinmopolet kjøpa inn for 31 prosent meir enn TRN, for sprit er det same talet 71 prosent. Om Vinmonopolet maktar å få ned innkjøpskostnadene i kombinasjon med at taxfree-salet og kvoten vert avvikla, kan det altså føra til at inntektene til staten frå alkoholsal går dramatisk opp.

LES OGSÅ: No forsvinn logoen frå snusboksen

Store tal
Det er likevel vanskeleg å kvantifisera kva utslag ei avvikling vil få. I 2014 var det 22,4 millionar  passasjerar på utanlandsflygingane. Om vi seier at alle er tur/retur, var det 11,2 millionar som reiste til og frå Noreg. Ferjene åleine hadde truleg rundt 3 millionar tur/retur-reiser. Om vi seier at 15 millionar menneske reiste til og frå Noreg via taxfree og alle kjøpte maksimal kvote, som altså er ein subsidie på 1700 kroner, talar vi om ei omsetning på 25,5 milliardar. Dette talet er sjølvsagt altfor høgt, sidan ikkje alle kjøper maksimalt. I tillegg vil folk kjøpa mykje mindre alkohol og tobakk om ordninga forsvann. Men når Avinor åleine får leigeinntekter på 2,5 milliardar frå eitt selskap, seier det seg sjølv at taxfree-handelen er ein svært stor subsidie på reiser.

Utan denne subsidien ville flyreiser i Noreg vorte dyrare. Mange flyplassar ville enkelt og greitt bukka under. I tillegg ville nordmenn måtte betala mykje meir for å reisa utanlands, og dimed ville talet på utanlandsreiser både med ferje og fly verta mykje lægre. Vidare ville vi fått langt færre utlendingar hit. Color Line og dei andre ferjeselskapa  på si side måtte ha teke langt høgre prisar for frakt av både personbilar og tungtransport og dimed hadde mange av rutene vorte direkte ulønsame og vorte lagde ned.

Det vi kan slå fast, er at store og mektige interesser vil ha kjempa med nebb og klør mot ei avvikling av taxfree-ordninga. Men det er likevel ikkje slik at ei avvikling er umogeleg. Noreg er ein del av EUs indre marknad, og nett EU berre avvikla heile ordninga i 1999. Det er heller ikkje slik at mange distriktsflyplassar i Noreg per definisjon ville ha gått under utan taxfree-subsidien frå Avinor. Utan taxfree og med vanleg toll på alkohol, sukker og tobakk frå utlandet ville mange av av desse innkjøpa verta gjorde i butikk og på Vinmonopolet. Dimed hadde staten fått langt større avgifts- og skatte­inntekter. Delar av desse inntektene kunne ha gått til å halda oppe flyplassnettet om Stortinget hadde meint at dette var ynskjeleg. Men ja, vi ville ha fått lægre inntekter frå utanlands­turistar, men langt fleire nordmenn som i dag til dømes reiser til Danmark og Tyskland på handletur med Color Line, ville då ha nytta peng­ane her heime.

God samfunnsøkonomi
Den samfunnsøkonomiske vinsten av å avvikla ordninga er garantert stor. Produktivitetskommisjonen vil til dømes ha avvikla nettolønsordninga av di det ville frigjera arbeidskraft som kunne ha vorte mykje meir effektivt utnytta andre stader enn på ferjene. Taxfree er ein subsidie som vert nytta til turisme, fly  og ferjer. Subsidiar reduserer effektiviteten i kvar ein økonomi. Men i desse dagar er det klima som ser ut til å opptaka Stortinget mest, og det vi kan slå fast, er at avviklinga av taxfree-ordninga ville ha redusert CO2-utsleppa langt meir enn ein auke i bensin­avgifta med 15 øre.

Då Kristin Halvorsen var finansminister, kom eit utval med eit framlegg om å avvikla taxfree-ordninga. Halvorsen sa nei. «Jeg vil ikke være en festbrems», sa ho.

I 2010 freista Sigbjørn Johnsen i interne regjeringstingingar å få avvikla ordninga og argumenterte med at staten kunne tena 3 milliardar. I nasjonalbudsjettet for neste år skriv Finansdepartementet at ordninga har store negative konsekvensar både for inntektene til staten og folkehelsa – for så å konkludera med at regjeringa vil at ordninga skal halda fram. Og det støtta altså Venstre og KrF.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE