No forsvinn logoen frå snusboksen

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dag er en stor folkehelsedag, skriv helse- og omsorgsminister Bent Høie på Facebook.

Fredag 9. desember vedtok Stortinget fleire endringar i tobakksskadelova. Vedtaket gjer at Noreg er blant dei fyrste landa som innfører reklamefrie røykpakkar, og det fyrste landet i verda som innfører reklamefrie snusboksar.

Målet er å hindre at born og unge startar med røyk og snus, skriv Helsedirektoratet.

Reklameforbod
Blant unge i alderen 16–24 år er det 17 prosent som seier at dei snusar dagleg. Det tilsvarar om lag 100 000 personar.

Direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, kallar tiltaket eit viktig steg for å nå det langsiktige målet om eit tobakksfritt samfunn.

– Å beskytte barn og unge mot tobakk er kjernen i norsk tobakkspolitikk. Det er avgjerande å redusere tobakksprodukta si tiltrekningskraft på born og unge, seier Guldvog.

Lovendringa gjer at det ikkje vert lov å nytte produsenten sine logoar, symbol, bilete, fargar eller annan form for reklame. Emballasjen skal vere einsfarga, og merkenamnet skal skrivast i ein bestemt farge og ha ein standardisert stil. 

Guldvog opplyser om at norske forbrukarar i dag har over 150 snusvarianter å velje mellom, og at mange nyttar designelement retta mot særskilde forbrukarar. 

– Siger for born og unge
Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftofreningen, uttalar i ei pressemelding at vedtaket er ein stor siger, og at dette vil sørgje for at mange born og unge aldri startar med tobakk. 

– Dette er ein siger for alle born og unge som veks opp, seier ho. 

Generalsekretæren trekk fram at reklame fungerer, særleg når den er retta mot born. 

– No mistar tobakksindustrien den siste reklameflata for å lokke born inn i avhengigheit, seier Ryel.

E-sigrettar og lakrispiper
Lovendringa gjer også at det vert lov å selje e-sigarettar med nikotin, samt at lakrispipene vert unntekne frå 18-årsgrensa og oppstillingsforbodet. 

Endringane vil truleg tre i kraft i løpet av fyrste halvår 2017.