Fotballkarrieren enda i sjølvmordsforsøk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølvmordsforsøk etter fotballen

Han vart omtala som eitt av Sveriges største fotballtalent og signerte kontrakt med Inter allereie som 17-åring. Ni månadar og eitt sjølvmordsforsøk seinare var Martin Bengtsson tilbake i Sverige.

LES OGSÅ: Vil ha psykologane inn i skulen

Patriarkalsk kultur
28-åringen meiner at det er eit problem at det ikkje vert snakka om kjensler i fotballmiljøet.

– Det er ein kultur som er bygd opp kring det å vere macho og manndig, som inneber å ikkje vise kjensler. Det sementerer ein patriarkalsk kultur, som eg ikkje trur menneskjer har det bra i, forklarar Bengtsson til Framtida.

Ein “tystnadskultur” kallar svensken det. Han trur eit miljø som legg lokk på ting kan gjere det verre for dei som slit.

Og han snakkar av dyrekjøpt erfaring.

Bengtsson er i Noreg i samband med lanseringa av den siste utgåva av Faktafyk, som vert gitt ut til skuleelevar av Foreningen !les. Her har han bidrege med teksta «I edderkoppens nett», om den vanskelege tida.

Han deler historia si fordi han meiner det er viktig å snakke om desse problema. Sjølv skulle han ynskje at han kunne høyrt liknande historier då han hadde det tungt.

Både NRK Sporten og TV2 har stilt seg opp. Dei lurer på kva råd svenske Martin kan gje til norske Martin, 16-åringen som ser ut til å vere på god til Real Madrids førstelag.

Bengtsson kvir seg for å gje konkrete råd. Det er forskjell på både personar og klubbar. Likevel rår han apparatet rundt Ødegaard til å sjå ungguten som det heile mennesket han er – ikkje berre ein fotballspelar.

LES OGSÅ: Kim (17) skal spela fotball med Valencia

Titusen timar
For Bengtsson starta det med at ein litt ballredd gut i Örebro i Sverige fann ut at han kunne stille seg ved målet for å unngå dei kaotiske klyngene barnefotballen er kjent for. Martin skåra mål og fekk ros. Han fekk ein identitet han hadde lengta etter.

For Martin var spelet mest ein måte å bli populær på. Når han ser tilbake på det var ikkje fotballen lystbetont leik. Han ville bli best.

– Far min sa at for å bli god måtte ein trene mykje. Det er ein teori om at for å bli skikkeleg god må ein trene i 10.000 timar. Då fann eg ut at det ikkje var nok med ei trening i veka. I seksårsalderen skreiv eg på ein lapp at eg skulle trene tre-seks timar kvar dag og ta hundre sit-ups for å bli sterk, fortel Bengtsson, som medgjev at treningssregimet hans var noko manisk.

LES OGSÅ: Tek oppgjer med lagidretten

Inter(nasjonalt) gjennombrot
Allereie i 12-13-årsalderen gjekk det over styr. Martin gjekk på vekta og spydde opp mat for å ikkje verte for tung og treig.

Ikkje lenge etter fekk han merkelappen talent.

Den store debuten kom då han som 16-åring gav to målgjevande for Örebro SK i sin fyrste kamp i allsvenskan og vart kalla den nye Wayne Rooney.

– Det fanst eit visst type bilete av kva ein fotballspelar skulle vere. Ein mal som gjekk ut på at ein skulle vere fotballspelar 24 timar i døgnet og ikkje ha noko liv på sida av. Det å ha god karakter som spelar gjekk ut på å ikkje seie imot trenaren, forklarar Bengtsson, som opplevde at mange i fotballmiljøet ikkje tok inn over seg korleis deira åtferd og kultur påverkar unge spelarar.

Etter prøvespel for både Chelsea og Ajax var det Inter som sikra seg stjerneskotet. Han signerte ein 2,5 års kontrakt med utviklingslaget og flytta til Milano i januar 2004.

– Det går veldig fort å skifte favorittlag, smiler Martin.

Den første tida gjekk lett. Han fekk vener, lærte seg språket og slo tunnell på Marco Materazzi på trening.

MartinBengtsson2
Martin Bengtsson i samtale med tidlegare landslagsspelar Lise Klaveness under lanseringa av bladet Faktafyk på  Litteraturhuset i Oslo. Foto: Andrea Nøttveit

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

21. september
Så byrja nedturen. Ein miniskskade sette ungguten på sidelinja og gav han tid til å tenke.

– Eg byrja å reflektere over kven eg var og kva eg hadde ofra for dette. Eg hadde bygd identiteten min på fotball og kjente meg verdlaus utan det. Eg kom i ei djup eksistensiell krise.

Det vart ikkje betre då to spelarar vart teken i å røyke marihuana under eit treningsopphald i Austerrike. Det førte til ei kollektiv avstraffing av dei unge spelarane i spelarhuset. Portane og tryggleikskamera vart meir for å halde spelarane inne, enn eventuelle inntrengarar ute. Dei vart køyrd til og frå trening, og måtte spørje om lov til å gå ut om dei hadde ærend utanom. Fleire hadde det tungt. 

17 år gamle Martin høyrde på Bowie og Nirvana og skaffa seg ein gitar. Skreiv dikt og låtskisser som fylte golvet. Planla og drøymde om første og andreplata. På telefon frå Sverige seier far at han høyres ut som Nirvana.

Når Martin kjem attende frå landskamp i Finland er éin og ein halv månads arbeid kasta. Klubben meinte at dei ikkje kunne ha papir slengande rundt. Han føler han har mista den einaste måten han fekk uttrykke seg på. Då krasjar alt.

21.september 2004 kuttar 17-åringen opp handledda. Ei vaskedame finn han blødande og bevisstlaus i spelarheimen.

LES OGSÅ: Studie: Éin av seks unge har sjølvmordstankar

Heimkomsten
Han vaknar opp på psykiatrisk avdeling i Italia.

Seinare skriv han låta «Mental Hospital», som han har gitt ut under artistnamnet Waldemaar.

For Bengtsson har fleire strengar å spela på, sjølv om han kanskje ikkje følte det slik då.

– Eg følte eg hadde svikta mine næraste og den sju år gamle guten som drøymde om dette. Då eg kom heim tykte eg det var vanskeleg å gå ute på gata. Det kjentes som eg kom heim med halen mellom beina, at eg var svak mentalt. Eg var 18 år og folk spurde om eg var blitt knulla i dusjen eller hadde teke dop. Det gjekk all slags rykter. Eg visste ikkje kva eg skulle seie, fortel Bengtsson.

Han kom gjennom den vanskelege tida ved hjelp av fleire år med psykoterapi, støtte frå familie og vener og ein ny jobb, som gav han ein ny scene etter fotballen.

I dag går Martin Bengtsson på Teaterhögskolan i Malmö og jobbar med ei ny plate som skal sleppast til sommaren.

LES OGSÅ: Springerinne til hjelp

Livet etter fotballen
Bengtsson si historie er spesiell, men han er ikkje åleine om å oppleve eit vakuum etter fotballbobla. Nesten to av fem eks-fotballspelarar har opplevd psykiske problem som angst eller depresjonar, ifølgje ei studie frå 2014. Ulike typar eteforstyrringar er like vanleg.

Forskarane meiner at karriereplanlegging tidleg i fotballkarrieren er eit viktig grep for å førebu spelarane på livet etter fotballen.

Det er Bengtsson einig i. Han etterlyser skikkelege utdanningstiltak for spelarane.

Nokre klubbar har eksperimentert med utdanningstilbod, men Bengtsson ser på det meir som eit alibi enn reelle satsingar, han ser fram til fyrste klubb som satsar skikkeleg på utdanning og det å utvikle heile mennesket.

– Folk seier det er på liv og død, men det er berre sport. Eg saknar litt perspektiv, det verkar som om fotballen vil vere altoppslukande, kritiserer svensken.

LES OGSÅ: Fotball utan røyk og snus

Hjernevask og bøgskjemt
Bengtsson meiner fotballmiljøet er for homogent med lite rom for å tenkje eller vere annleis. Her dreg han fram det faktum at få fotballspelarar kjem ut av skapet. Det trur han kan vere ein konsekvens av mellom anna bøgskjemt – eller homovitsar – i garderoben.

– Ein kan verte ganske hard i eit slikt miljø. Ein kan verte hjernevaska og bli både sexist og antifeminist i eit omkledningsrom, avsluttar eksfotballspelaren.

LES OGSÅ: NFF tillèt regnbogeflagg

Faktaboks

Martin Bengtsson (fødd 1986)

Musikar, forfattar og skodespelarstudent

Byrja fotballkarrieren i IK Sturehov, før han vart rekruttert til Örebro SK. Byrja i italienske Inter i 2004 og spelte på det svenske ungdomslandslaget.

Gav i 2007 ut «I Skuggan av San Siro från proffsdröm till mardröm» om sitt liv og sin korte fotballkarriere

Har gjeve ut musikk med bandet Waldemaar, men speler no under eige namn

Byrja på Teaterhögskolan i Malmö hausten 2014