SAIH rosar positiv HIV-video og refsar framstilling av fadderordning-konseptet.

Faktaboks

Radi-Aid Awards

Vart delt ut for første gong i 2013 i kjølvatnet av den virale kampanje-videoen «Africa for Norway».

Vert delt ut av SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond)

Med prisen  vil SAIH setja fokus på bistandsorganisasjonar som bidreg til å vidareformidle stereotypiar om årsaker og løysingar på fattigdom. 

Kjelde: SAIH

LES FAKTALUKK FAKTA

– Dei har klart å framstilla HIV på ein måte ein svært sjeldan ser. Den unge kvinna har teke kontroll over sjukdommen og eige liv. Ho er engasjerande og snakkar aktivt for seg sjølv – utan nokon «kvit helt», seier SAIH-leiar Inga Nymo Riseth i ei pressemelding.

Torsdag delte SAIH (Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond) ut den årlege Radi-Aid Awards for beste og verste bistandsvideo.

Gylden HIV-informasjon
The Golden Radiator går til ein kampanje som på ein kreativ måte klarar å engasjere utan å bruka dei vanlege stereotypane, medan The Rusty Radiator går til ein film som underbyggjer negative stereotypiar i kampen om bistandskronene.

Finalistane er valt ut av ein jury og vinnaren stemt fram via ei avstemming på Radi-Aid sine nettsider.

The Golden Radiator 2016 går til International HIV & Aids Alliance for filmen «Love A Positive Life».

I filmen møter me Daphine frå Uganda, som fortel om livet med HIV og korleis ho informerer andre om seksuell helse og rettar.

A POSITIVE LIFE from duckrabbit on Vimeo.

Juryen meiner videoen bryt ned fordommar og stereotypar om HIV. Videoen får skryt for å gje god informasjon og ikkje framstilla personar med HIV/AIDS som hjelpelause offer, men handlekraftige individ.

Dei andre finalistane var Amnesty Poland og Plan International UK.

LES OGSÅ: SAIH kritiserer Plan-kampanje: – Handlar berre om å samla inn pengar

Rusten pris til sponsorfilm
The Rusty Radiator Awards går til Compassion International for filmen «The Wait is over».

I filmen møter me vesle Helena som endeleg får ein sponsor frå Australia.

– Denne videoen er noko av det verste me har sett innan fadderordning-konseptet. Den framstiller gjevaren som den eineste redninga og jenta og hennes foreldre som svært stakkarslege, seier SAIH President Inga Nymo Riseth.

The Wait Is Over – 4 min with USA ending from Compassion International on Vimeo.

Compassion Norden: – Misoppfatta
Då nominasjonane vart offentleggjort uttala generalsekretær i Compassion Norden, Claes Parsmo, til Vårt Land at videoen er misoppfatta.

– Meininga med videoen
er ikkje å vise kor vanskeleg denne­ familien har det, men kor mykje fadderstøtta betyr for dei som får den. Det er trist at denne filmen blir tolka så ­negativt.

Han forstår at enkelte kan reagera og understrekar at videoen ikkje til bruk i Norden, sjølv om han ikkje ser nokon grunn til at han ikkje kan brukast her.

– Me har ulike måtar å kommunisere verdiar på i USA og i Europa, og ulike ting slår an. Men i Compassion har me policy på at me ikkje skal bruka bilete til dømes av barn som lir, er sjuke eller har oppblåste magar. Det viktigaste er å kommunisere den verkelige situasjonen, seier han til avisa.

Filmen vann framfor dei to andre finalistane frå World Vision Australia og Save the Children Nederland.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE