Blir rektor for Høgskulen på Vestlandet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Interimsstyret for Høgskulen på Vestlandet (HVL) vedtok torsdag å tilby Berit Rokne (61) stillinga som rektor, i ein åremålsperiode på fire år.

Rokne er i dag professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho var prorektor ved UiB frå 2009 til 2013, og var før det viserektor for utdanning same stad. Rokne har doktorgrad i sjukepleievitskap og var tilsett som studiedirektør ved Høgskolen i Bergen frå 1996 til 1999.

Ho skal leie arbeidet med å byggje opp ein helt ny institusjon, basert på fusjonen mellom Høgskulen Stord/Haugesund, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Bergen. Institusjonen får til saman om lag 16.000 studentar og 1800 tilsette.

– Dette var veldig gode nyhende, no blei eg først og fremst utruleg, utruleg glad, seier Berit Rokne i ei pressemelding.

– Det eg umiddelbart ser fram til, er å realisere alle dei ambisjonane som er satt for den nye høgskulen, og til å jobbe saman med studentar og tilsette for å få det til. Det er jo satt ganske høge mål innan både utdanning og forsking, og også for synlegheit regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Høgskulen på Vestlandet får fem campus: Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund. Det vil seie at alle dagens studiestader består.

Høgskulen skal tilby utdanning på masternivå på alle studiestadene, og har ambisjon om å bli eit profesjonsuniversitet.

Rektor skal ha hovudarbeidsplass i Bergen. Det skal vere ein prorektor i kvar nærregion som på vegner av rektor har ansvar for regional utvikling i nærregionen. Ifølgje fusjonsplattforma skal det ikkje bli endringar i studietilbodet på kort sikt.