Fjern honnørrabatten!

Agnes Hoshovde Bernes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som pensjonist i Noreg i dag får du mange fordelar. Du får rabatt på alt av kollektivtransport, i tillegg til rabatt på kulturtilbod som teater, konsertar, museum og mykje meir. Mange vil tenkje at det er greitt, pensjonistar har tross alt jobba og betalt skatt heile livet, og dei har behov for rabattordningane. Men har eigentlig pensjonistane behov, og er det rettferdig at pensjonistane skal få alle desse fordelane når det er andre som har større behov? Eg meiner det er på tide å sjå på honnørrabatten som det den er, ein utdatert ordning.

Dei ulike fordelane til pensjonistane, som til dømes honnørrabatten vart innført på ei tid der fattigdom blant eldre var eit stort problem i Noreg. På den tida var det stort sett minstepensjonistar som var dei fattigaste i Noreg, men slik er det ikkje lenger. I dag har dei fleste pensjonistar god råd, mange har eit nedbetalt huslån og har spart opp ein betydeleg kapital. Kjøpekrafta til norske pensjonistar har i følgje NAV auka med 40% sidan 2002. I dag er det einlege, studentar og barnefamiliar gjerne med innvandrarbakrunn som er dei som har størst behov for rabattordningar, ikkje pensjonistane.

Når ein i dag veit at pensjonistane er ein av dei rikaste aldersgruppene, så kan ein lure på kvifor dei fortsatt har så gode rabattordningar. Det ein ofte får høyre er at det fortsatt finnes minstepensjonistar med dårlig råd. Og det gjer det, men dei er i mindretal. Sjølv om dei er få så betyr ikkje at ein skal ignorera dei, men sjølv om du er minstepensjonist så tener du i snitt litt over 15 000 kr i månaden, som er dobbelt så mykje som det ein studentar får i stipend og lån på ein månad. Likevel er honnørrabatten mykje høgare enn studentrabatten på kollektivtransport, og gjeld i tillegg på mykje meir tilbod.

Honnørrabatten er ei utdatert ordning som ikkje klenger baserer seg på behov. Eg meiner det er på tide at ein gjev rabattordningar til dei som verkeleg treng det, og ikkje til den rikaste aldersgruppa i landet.