Brenn for nynorsk i Vestlandsregionen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

76 prosent av fråsegna om nynorsk

15. september i år signerte fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ein intensjonsavtale om å slå seg saman til eit nytt storfylke på Vestlandet frå 2020. I avtalen står det at «Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar».

Hordaland og Sogn og Fjordane har i dag nynorsk både som administrasjonsmål, medan Rogaland er språknøytral. Mange reagerer difor på at avtalen ikkje slår fast at nynorsk skal vera administrasjonsspråket i Vestlandsregionen.

104 av 136 om nynorsk
NRK Sogn og Fjordane sjekka handla 104 av 136 høyringssvar om at Vestlandsregionen må ha nynorsk administrasjonsspråk. Det er over 76 prosent.

Dei tre vestlandsfylka har høyringsfrist om den planlagde Vestlandsregionen denne månaden. Sogn og Fjordane er først ut, med frist 23. november. Rogaland har frist 25. november. Og Hordaland er sist ut med frist 30. november.

Dramatikar Jon Fosse er ein av dei som har skrive til Hordaland fylkeskommune. Fråsegna hans er kort og tydeleg:

«Vestlandet er utenkjeleg utan nynorsken, og nynorsken er utenkjeleg utan Vestlandet, så om ein del av Noreg, dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, skal bli til ein vestlandsregion, ja til Vestlandet, ja så seier det seg sjølv at nynorsk må vera administrasjonsmålet på Vestlandet og at skriv ifrå den norske staten til Vestlandet må vera på nynorsk.

Om ikkje, ja så er det som om heile vestlendingen legg frå seg heile vestalandsidentiteten sin og gjer seg til austlending. Skam vøre.»

Hjartesukk
Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, følgjer med på innspela som kjem.

– Veldig mange av dei som har sendt inn innspel er privatpersonar som kjem med hjartesukka sine. Eg synest det er ein styrke at høyringssvara ikkje er så polerte. Ein kan uttrykka seg på ein akademisk måte, men det har like mykje verdi om ein uttrykker seg rett frå levra, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn til NRK Sogn og Fjordane.