Yrkesfagselevar blir mest mobba

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det synest eg er kjempealvorleg, seier mobbeombod i Hordaland Mari-Kristine Moberg til NRK.

Ifølgje den ferske rapporten frå Hordaland fylkeskommune opplyste 3,27 prosent på yrkesfag at dei blir mobba. 1,1 prosent på studiespesialisering opplyste det same. Mobbinga mellom ungdommane dreier seg mest om utestenging, at nokon blir gjort narr av eller at nokon spreier løgner. Fysisk vald er mindre vanleg.

Gutar er meir utsette enn jenter. I fjor haust var det dobbelt så mange gutar som jenter som fortalde at dei blei mobba.

– Det er ei rådande oppfatning at gutar «ordnar opp der og då», men dette stemmer faktisk ikkje. Dette er ein blind flekk i arbeidet skulane gjer mot mobbing, heiter det i rapporten.

– Dei stadene det er mykje mobbing, handlar det om kultur. For eksempel om kva for ei omgangsform ein har og korleis ein snakkar til kvarandre. I dei sakene eg har behandla, så er digital mobbing også ein del av det, seier mobbeombod Moberg.

Totaltalet på elevar som fortel at dei bli utsette for mobbing gjekk litt ned frå 2014 til 2015, frå 2,66 prosent til 2,08 prosent. (©NPK)

LES OGSÅ: Gutar er meir utsette for skjult mobbing