Vi endrar vanar – for miljøet
Fleire nordmenn enn tidlegare svarer at dei er villige til å kutte i forbruket for å skåne miljøet og kjempe imot klimaendringane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er NRK som i dag melder at fleire kuttar biffen for miljøet.
Forbrukarane meiner likevel at overgangen til lågutsleppsamfunn først og fremst må løysast politisk og med ny teknologi framfor gjennom individuelle løysingar, heiter det i rapporten frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved HiOA.
Ein av fem seier dei har redusert kjøtforbruket sitt kraftig av omsyn til klimaet. Over éin av tre seier det same om straumforbruket, ifølgje SIFO-rapporten.
SIFO har undersøkt korleis oppslutninga om teknologioptimisme, forbrukaransvar og intensjon om å reduser eige forbruk har endra seg i perioden 1993 – 2016.
Datamaterialet hos SIFO tyder altså på at forbrukarane no er meir villige til å endre på eige forbruk.
Klar over konsekvensane
– Det er blitt større medvit rundt miljøeffektane av forbruket. Forbrukarane er i større grad klar over dei negative konsekvensane av forbruket, og for første gong svarer fleire nordmenn at dei er villige til å kutte forbruket av kjøt, klede og flyturar, seier SIFO-forskar Torvald Tangeland til NRK.
Storfekjøt er blant klimaverstingane på norske matbord. Ifølgje Bioforsk fører produksjonen av éin kilo storfekjøt til 20 kilo CO₂-utslepp.
Trur teknologi er løysinga
Tangeland ser likevel ein tendens til at færre trur at folk flest kan gjere ei reell endring for miljø og klima.
– Forbrukarane trur i stadig mindre grad at dei er ansvarlege for å løyse klima- og miljøutfordringane. Samtidig trur dei at teknologi i større grad kan løyse utfordringane, seier han.
Han meiner teknologioptimismen kan vere eit problem for det grøne skiftet.
– Desto meir du trur at teknologi kan løyse utfordringane, desto mindre er du villig til å redusere eige forbruk, forklarer forskaren. (©NPK)
Les også om klimastudentane i Sogndal: «Treng eg eigentleg denne ekstra tingen?»