– Treng eg eigentleg denne ekstra tingen?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei studerer klimatilpassing

Meteorologisk institutt har rekna ut at Vestlandet får opp mot 40 prosent auke i nedbør dei neste 100 åra. For å handtere desse og andre klimaendringar, er det behov for både kunnskap og arbeidskraft.

Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane gir det nyoppretta studieprogrammet Master in Climate Change Management studentane kunnskap om teknologi som vil vere nyttig for å handtere klimaendringane i framtida.

– Å studere klimaendringar er spennande fordi det inkluderer så mange ulike fagfelt, til dømes politikk, økonomi, klima og geologi. Vi må ta til oss mykje ulik kunnskap for å forstå alle dei ulike problema knytt til klimaendringar, fortel Håkon N.L. Heiestad (23).

– Vi lærer mellom anna å bruke statistikk og GIS (geografisk informasjonssystem) som verktøy for å handtere endringane i klimaet, seier Ragnhild Berge Feidje (23).

Dei to masterstudentane er ikkje imponerte over klimaprofilen i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Ragnhild og Håkon er middels optimistiske til om Noreg når målet om å halde oppvarminga til under 1,5-grader.

– Eg skulle ønske vi når det, men dersom vi skal klare det, må det skje ting ganske kjapt, seier Ragnhild.

Bakgrunn: Stor interesse for ny master om klimaendringar

Framtidsidealistar
– Eg tek denne masteren fordi eg vil ta vare på jordkloden, seier Håkon.

Ragnhild er einig, og fortel om nokre av tiltaka dei gjer for å redusere sitt eige klimaavtrykket.

– Vi har redusert kor mykje kjøt vi et, og så tenker vi ein ekstra gang gjennom nye kjøp. «Treng eg eigentleg denne ekstra tingen?»

– I Sogn og Fjordane er det vanskeleg å kome seg rundt utan bil, så det blir noko køyring. Eg prøver likevel å få folk til å bli med på å spleise på bensinen, slik at vi er full bil når vi køyrer ein plass, seier Håkon.

Handtering av klimaendringar i er eit viktig fokusområde for Sogn og Fjordane, også for forskingsmiljøet i fylket.

Klimaspel for redusert privatforbruk
Karen Moberg er forskar ved Vestlandsforsking, og arbeider med å forstå korleis hushaldningar kan redusere forbruket sitt.

– Når målet om å halde oss til 1,5 grader temperaturauke er det nye målet, må endringane kome fortare enn det dei gjer i dag. Ved å nytte eit klimaspel ber vi forbrukarar om å hypotetisk kutte 50 prosent av utsleppa sine, fortel Karen.

Spelet vert testa på familiar i Noreg, Sverige, Frankrike og Tyskland. Framtida.no har tidlegare snakka med Carlo Aall, prosjektleiar ved Vestlandsforsking, om klimaspelet.

– Målet er å få kunnskap om kva folk flest vil vere villige til å bidra med for å redusere utsleppa. Deretter kan vi komme med forslag til korleis styresmaktene kan lage lover og retningslinjer som vil bidra til forbruksendringar i større grad enn dagens verkemiddel, seier Karen.

Les også kronikken til Sebastian Mernild, professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane: Er grensa nådd for global oppvarming?