Fleire bruker kredittkort til kvardagshandling
Dei siste åra har stadig fleire nordmenn begynt å bruke kredittkort til småkjøp, viser ein ny analyse. Forbrukarrådet åtvarar mot at det kan føre til av varene blir dyrare.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– På to år har bruken av kredittkort til daglege småkjøp auka med 25– 30 prosent, rett nok frå eit relativt lågt nivå, seier sjefanalytikar Johan Morling hos Eurocard til Aftenposten.
Det er kredittkortselskapet som har gjort undersøkinga blant 100.000 nordiske brukarar for åra 2014– 2016. Han meiner grunnen er at mange matkjeder har opna opp for at kundane kan betale med kredittkort, noko som blir stadfesta av Norgesgruppen der bruken av kredittkort har auka med 7 prosent det siste året.
Fagdirektør for finans i Forbrukarrådet Jorge B. Jensen åtvarar mot den auka kredittkortbruken til kvardagshandel.
– For det første inneber det ein risiko for uønskt og unødvendig oppbygging av gjeld i hushalda. For det andre betalar butikkane mykje meir for å få bruke systemet til dei internasjonale kredittkort enn andre system, som for eksempel BankAxept som gir konto-til-kontobetaling. Kredittkortsystemet er opptil ti gonger så dyrt som BankAxept for butikkane, og det er ein kostnad kundane til sjuande og sist betaler i form av dyrare varer. Kredittkortselskapa fungerer som eit fordyrande mellomledd mellom butikk og kunde, meiner han. (©NPK)
LES OGSÅ: Finansministeren er roa over at unge kan for lite om privatøkonomi