Studentane bør ha arbeidskrav på både nynorsk og bokmål, seier Eline Bjørke frå Studentmållaget i Nidaros.

Eline Bjørke, Studentmållaget i Nidaros
Eline Bjørke, Studentmållaget i Nidaros

Først publisert på Dusken.no.

I dag ventar mange utdanningsinstitusjonar at lærarstudentane meistrar både nynorsk og bokmål når dei går ut frå vidaregåande. Realiteten er at ikkje alle studentar kan nynorsk godt nok, og utan vidareopplæring i lærarutdanninga, går det utover nynorskopplæringa elevane får, anten det er i sidemål eller hovudmål. Slik kan me ikkje ha det!

Når lærarane ikkje får kunnskapen dei treng til å undervise, kan dei heller ikkje gi den vidare til elevane. Dette er eit problem fyrst og fremst for dei mange tusen elevane som har nynorsk som hovudmål, men også for alle dei som skal lære det som sidemål. Manglande kompetanse påverkar haldningane ein har. Det er ikkje rart at mange lærarar vert negativt innstilte når dei må undervise i noko dei ikkje er trygge på, og negative haldningar smittar fort frå lærar til elev. Difor er det avgjerande at lærarane vert trygge i nynorsk før dei skal ut i skulen.

Ved å styrke opplæringa både i og om nynorsk, kan ein gjere lærarstudentane skikka til å utføre profesjonen sin. Studentane bør ha arbeidskrav på både nynorsk og bokmål gjennom heile studiet, slik at dei jamnleg får bruke nynorsk. I tillegg må lærarstudentane lære kvifor sidemålsordninga finst og kvifor elevane skal lære båe dei norske språka. På vitnemålet må studentane sin kompetanse i både nynorsk og bokmål vere synleg. Dessutan bør utdanningsinstitusjonane vere pliktige å tilby nynorskkurs til studentane. Det kan ikkje vere opp til friviljuge organisasjonar som Pedagogstudentane og studentmållag at lærarstudentane lærer seg faget sitt godt nok.

Me treng lærarar som er i stand til å undervise i faget sitt, og det er lærarutdanninga sitt ansvar å utdanne slike lærarar. Difor meiner me at nynorskdidaktikk og opplæring i nynorsk må få større plass i desse utdanningane. Det vil gje komande lærarar kunnskapen og ferdigheitene dei treng for å gje elevar undervisinga dei har krav på. Framtidas superlærar kan nynorsk!

LES OGSÅ: For dårleg nynorskopplæring for lærarar

LES OGSÅ: Knuser til med Miley på nynorsk!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

ANNONSE