Frå dialektavis til nynorsk på nett

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då er framsida klar! ropar Gro Morken, dagleg leiar i Noregs Mållag.

Det er måndag kveld og sju representantar for Noregs Mållag har rykka inn i redaksjonen til Fredriksstad Blad for å omsetje heile avisa til nynorsk.

Nynorskversjonen av dagens avis ligg no ope tilgjengeleg for alle over heile landet som PDF-avis. Det heile er eit stunt i samband med den nynorske litteraturfestivalen «Hællæ nynorsk», som går av stabelen i Fredrikstad litteraturhus 25.-27. oktober

– Målet er å skriva ein nynorsk som ikkje skremmer østfoldingane, slik at dei ser at det ikkje er så annleis enn me snakkar, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

For Mållagsleiaren er det ein aldri så liten siger at lokalavisa, som fram til 1998 ikkje var opne for lesarinnlegg på nynorsk, no omset heile avisa til målet.

Sjå redaktøren i Fredriksstad Blad, René Svendsen, dela sitt nye nynorske favorittord: 

Dette er redaktøren i Fredriksstad Blad sitt nye nynorske favorittord! Les saka her: https://framtida.no/articles/fra-dialektavis-til-nynorsk-pa-nett

Posted by Framtida on 25. oktober 2016

Minuttar etter…
«Kva gjer ein Ad operations manager eigentleg?» Går det an med minuttar? (Nei!) «Det er ei salme, ikkje sant? For det heiter ikkje ein salme?» Og kva med betrodde. Kan det bli betrudde, eller tiltrudde. Her må ordboka opp.

Redaktør René Svendsen er glad for språkekspertisen som har rykka inn i lokala.

– Eg hugsar tilbake til arbeidet med dialektavisa i 2013. Erfaringa då var at språket blir meir munnleg og laussleppent. Det vart betre flyt. Det tykkjer eg er tilfellet no òg, seier han.

Frontredigerarane André Lia og Anne-Lene Frølandshagen er begge frå Fredrikstad og var med å laga dialektavisa som i 2013 vakte åtgaum over heile landet.  

– Det vart ei veke der alle preka rimeleg breitt, smilar Lia, som medgjev at han til vanleg pratar ganske utvatna dialekt.

– Mi erfaring er at folk på Vestlandet er flinkare til å halde på dialekta si.

Han hugsar tilbake på suksessen med dialektavisa og er difor spent på korleis nynorskavisa vert motteken.

– Folk er jo veldig glad i dialekta si, men eg trur det er mange som ikkje ser koplinga mellom dialekta og nynorsk, meiner han.


Journalist Anne-Lene Frølandshagen har gode minner frå arbeidet med dialektavisa.  

Dialekt-standarden
Til dialektavisa var det Anne-Lene Frølandshagen som fekk oppgåva med å intervjua Magne Aasbrenn – på dialekt. Då vart det mange raude strekar.

– Det er mange som trur dei kan skriva på dialekt, men eg overdreiv voldsamt. Magne har på ein måte bestemt standarden, smiler ho. 

Når østfoldingar flyttar til storbyen vert gjerne dialekta utvatna, men Frølandshagen er ikkje i tvil om at fredrikstaddialekta fekk ein oppsving med dialektavisa.

– På Vestlandet er dei stoltare av dialektane, medan me har skamma oss over språket vårt, fordi me har vore industrifolk.

LES OGSÅ: Vil gjera Fredrikstad til nynorskhovudstad i aust

Meir præking
Wenche Mortensen i Fredrikstad Mållag gjev dialektavisa æra for ei oppvakning av fredrikstadbuane sin språklege identitet.

– Han har vorte håna for kor stygt det er, så det var godt å få prekæ meir enn før, seier Mortensen.

Ho er ikkje tvil om at dei språklege vågestykka frå Fredriksstad Blad er viktige og har gjort sitt for å gjera befolkninga meir stolte over språket.

Lektor Benthe Kolberg Jansson håpar at nynorskavisa kan gjera nynorsk litt meir normalt i Østfold, men reknar med at det vil dukka opp nokre nettroll i prosessen.

– Kanskje kan det bidra til å bryta ned nokre barrierar og røska i nokre språklege fordommar, seier ho.

– Trur de at Fredrikstad kan verta nynorskhovudstaden på Austlandet?

– Eg veit ikkje kor mange andre kandidatar det er, ler Kolberg Jansson.


Frå høgre: Lektor Benthe Kolberg Jansson og Wenche Mortensen pratar breiare dialekt etter Fredriksstad Blad gav ut dialektavisa i 2013.