Hordaland fylkesting røysta i dag ned eit forslag frå SV om at ein ny Vestlandsregion skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. No skal språkspørsmålet på høyring.

mm

Berre SV, Raudt, MDG og Venstre røysta for forslaget, som dermed fall. Det opplyser SV-representant Daniel Charles Hexall i ein epost til Framtida.no.

Fylkestinget handsama i dag intensjonsavtalen for samanslåing av fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til ein ny Vestlandsregion. I avtalen, som blei underskriven av dei tre fylkesordførarane i september, er nynorsk berre nemnt som ein identitetsberar for Vestlandet, ikkje som administrasjonsspråk. Dette vekte sterke reaksjonar.

LES OGSÅ: Sterke reaksjonar mot Vestlandsregion utan nynorsk

Hordaland og Sogn og Fjordane har i dag nynorsk som administrasjonsspråk, medan Rogaland er språknøytral. Fylka skal etter planen slåast saman innan 2020.

Språkspørsmålet kan enno få eit anna utfall. Før endeleg vedtak i fylkestinga i desember, skal intensjonsavtalen ut på høyring, og då blir språk eit tema.

Då fylkesutvalet førebudde saka tidlegare i veka, gjekk fleirtalet (Ap, Sp, KrF, MDG og H) inn for at spørsmålet om administrasjonsspråk skal inkluderast i høyringsprosessen og avgjerast etter at alle dei tre fylkeskommunane har gjennomført høyringane. Det skreiv Nynorsk pressekontor i går.

På Twitter stadfestar Hordaland fylkeskommune at språket for Vestlandsregionen no skal på høyring:

 

LES OGSÅ: – Nynorsk er sjølvsagt på Vestlandet, seier Nynorsk kultursentrum

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

ANNONSE