– Eg levde i ei boble der ein blir lært opp til at EU er vondt og galt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå hardbarka nei-mann til ja-sjef

Som 16-åring reklamerte Andreas Brandt for det revolusjonære folkestyret, var fylkesleiar i Sosialistisk Ungdom og medlem i Ungdom mot EU.

Han ler litt når han blir konfrontert med fortida si:

– Hehe. Det er mange år sidan då eg stod relativt langt ute på venstresida. På ytste venstre lever ein i ei slags boble der ein blir opplært i at EU er vondt og gale. Det er ei boble med nostalgi rundt tidlegare avstemmingar og utdaterte argument. Ein dag innsåg eg at den verkelegheitsoppfatninga eg var opplært i beint fram ikkje stemde. Det at eg ein gong i tida stod på nei-sidan gjer meg òg mykje sterkare i ja-standpunktet mitt. Eg kjenner nei-argumenta ut og inn, og veit dermed òg kva med dei som ikkje stemmer.

Andreas Brandt (24) er i dag bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Drammen og i helga blei han vald til ny leiar i Europeisk Ungdom.

– Kvifor treng norsk politikk Europeisk Ungdom?

– Noreg treng Europeisk Ungdom fordi vi treng ein ny EU-debatt. EU er i dag den viktigaste institusjonen for samarbeid og felles løysingar i Europa. I ei globalisert verd er me avhengige av å samarbeida med dei som bur på det same kontinentet som oss. Viss me skal løysa klimakrisa og flyktningkrisa treng me overnasjonale institusjonar der ein kan koma fram til felles løysingar, nettopp fordi desse krisane ikkje er nasjonale.

 – Kva er det som har gjort at du har engasjert deg i EU-spørsmålet?

– Engasjementet mitt i EU-spørsmålet byggjer på at eg trur på ei verd med meir samarbeid, ikkje mindre. Uavhengig av om Noreg likar det eller ikkje blir det i dagens EU utarbeidd eit prosjekt for morgondagens Europa. Eg syntest det er ufatteleg trist at me ikkje får vera med i denne utviklinga. Resultatet av dette kjem uansett til å ha ei enorm utvikling på oss her oppe i nord. Det å stå utanfor er å la andre gjera val på vår vegne.

– Kva bør Brexit ha å seia for Noreg tilhøvet sitt til EU?

– Brexit må tyda ein ny debatt om eit norsk EU-medlemskap. Nei-sida har rett når dei seier at «Eit nei til EU er eit Ja til noko anna". Kva «noko anna» er har brexit vist oss. Viss EU forsvinn vil det opna seg eit maktvakuum som vil utnyttast av alt anna enn progressive krefter. Farrage, Le Pen og Gert Wilders er dei fremste representantane for europeisk nei-rørsle. Dei ynskjer isolasjon og sjølvinteresser. Vi i Noreg må avgjera om vi vil vera dei som går inn for samarbeid og fellesskap, eller om vi vil stø opp om alternativet. Eg trur på det første, og det trur eg òg dei fleste i Noreg gjer.

– Folk skjønar at dei i Europeisk Ungdom vil ha medlemskap i EU. Er det noko anna folk bør vita om Europeisk ungdom?

– Vi jobbar med mange spennande saker. I tillegg til å jobba med debatten her heime jobbar vi òg med å utforma politikk for EU gjennom den europeiske paraplyorganisasjonen vår Young European Federalists. Dette er eit viktig arbeid, der vi i motsetnad til dei fleste i Noreg faktisk får påverka EU-politikk. I tillegg har vi mange spennande program som vi tilbyr medlemmane våre, eksempelvis EU-akademiet som er eit intensivt treningsopplegg for unge talent i Brussel.


Frå landsmøtet til Europeisk Ungdom. Foto: Europeisk Ungdom

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer i Brussel og Oslo?

– Det er vanskeleg for ungdom i Noreg å nå fram til Brussel så lenge vi ikkje er medlemmar av EU. Det er òg noko av grunnen til at vi vil gjera noko med nettopp det. Eg trur likevel at ein kan nå fram med mykje gjennom å engasjera seg i organisasjonar slik som Europeisk Ungdom.

QUIZ: Kva veit du om EU?

– Kva vert skilnaden på deg som leiar av Europeisk Ungdom og Nikolai Fjågesund, som no takkar av?

– Nikolai har gjort ein særs god jobb med organisasjonen. Bortsedd frå at vi sjølvsagt er ulike personar trur eg vi har dei same måla og dei same visjonane for organisasjonen.

Nikolai Fjågesund hadde, som tysk statsborgar, røysterett i EU-parlamentsvalet. Det har ikkje Andreas Brandt.

– Eg har budd eit år i Danmark, og arbeidd gjennom eit EU-finansiert prosjekt, men har ingen familiær tilknyting til landet. Faren min er gresk, men eg har berre norsk statsborgarskap, så fram til vi har vunne kampen om norsk EU-medlemskap må eg nok pent venta med å røysta ved EP-valet.

LES OGSÅ: Jobbar for ei betre verd i Brüssel

LES OGSÅ: EU-topp: «Tschüss» til engelsk i EU

Faktaboks

Andreas Brandt

Aktuell: nyvald leiar i Europeisk ungdom
Alder: 24
Yrke/studie: student ved UiO i europastudiar
Favorittfag på vidaregåande: Historie og filosofi
Verv: Bystyrepresentant i Drammen Bystyre og leiar i Europeisk Ungdom.
Medlem i: Europeisk Ungdom, Ap, NTL og Amnesty International.
Kva gjer du i fritida/hobby: Flugefiske, friluft og fotball