– Målet er å kople saman den fysiske og den digitale verda, fortalde William Trossel i ScanLAB på New Scientist Live no i helga.

mm

William Trossel og teamet hans har mellom anna reist til Amazonas, Svalbard, Pompeii og London for å sjå verda gjennom laserstrålar. Teknologien, kalla Lidar, fangar opp presis avstand til næraste objekt, som saman med 3D-modellar gir nye blikk på verda rundt oss.  

Sjå video frå London her:

På forskingskonferansen New Scientist Live inviterte forskarar, forfattarar og gründerar til nesten 100 ulike føredrag over fire dagar. Tema for konferansen var teknologi, kroppen, jordkloden og verdsrommet.

På hundretals engasjerande standar kunne publikum prøve VR-briller, halde eit ekte hundehjarte, sette saman proteiner og sjå gjennom stjernekikertar. Målet var å engasjere og inspirere med vågale idear og nyskapande teknologi.

LES OGSÅ: Tesla-sjef lovar gøyal tur til Mars

Datakraft
– Vi må utvikle kunstige intelligensar som er ekspert på noko anna enn det vi menneske er gode til, sa eit samstemd panel, leia av Nicola Millard. Panelet diskuterte også kva som må til for at maskinar skal forklare seg på eit språk som er forståeleg for for menneske, og kva som må til for at vi stolar på dei i framtida.

– Maskinene er programmerte til å lyge til oss. Dei gjer det allereie, sa Miranda Mowbray.

Matematikaren Hannah Fry viste i sitt føredrag ei rekke kvardagseksempel på korleis data gir ny innsikt om oss menneske. Målet med forskinga hennar er at kunnskap om korleis vi oppfører oss skal brukast for å motverke kriminalitet og betre samfunnet.

– Eg opplever to parallelle verder, ei handfast der eg deltek som samfunnsborgar, og ei der alt er ser er matematikk. Dataene vi legg att om oss sjølve vert ei bru mellom dei to, sa ho.

Er du begeistra for ei framtid med robotar? Ja, svarte dei fleste av dei besøkande på forskingskonferansen New Scientist Live i London denne helga. Foto: Framtida.no

Teknologi og biologi
I eit føredrag om utvikling av kunstig intelligens fortalde  Katja Hoffman om korleis ho og kollegaene i Microsoft nyttar dataspelet Minecraft for å teste dei «levande» programma.

– Ved å bruke Minecraft kan vi utvikle dataprogram som til og med kan samarbeide om å utføre oppgåver, sa ho.

Adam Rutherford tok publikum med på ei reise for å finne ut av kvar moderne menneske kjem frå. I eit engasjerande føredrag om korleis genetikk kan komplementere historiske data, viste han kva familietrea våre eigentleg kan fortelle.

– Menneske har vore kåte og mobile, sa han, og forklarte at DNAet vårt er eit register over alle som har hatt sex rundt om i verda over hundre tusenvis av år.

Framtida
Joel Gibbard, mannen bak planane om å 3D-printe Disney-inspirerte protesar, delte videoar av unge og håpefulle protesebrukarar. Amal Graafstra snakka seinare om korleis han navigerer kvardagslivet med implanterte microchips i hendene.

Felles for desse prosjekta er opent tilgjengelege datafiler som gjer at både sluttbrukarar og andre gründerar kan vidareutvikle teknologien.

– Dei bioniske heltane er på veg, avslutta Gibbard.

LES OGSÅ: Høyr verdas første poplåt komponert av kunstig intelligens

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE