Kjempar for framleis sidemål i KrFU
Det går mot thriller om sidemål på landsmøtet i helga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fredag byrja KrFU-landsmøtet. Ei av dei viktigaste sakene er nytt hovudprogram.
Laurdag blir forslaget om ny sidemålspolitikk stemt over, og det er enno uklart kven som går sigrande ut.
Det eina alternativet går på at KrFU vil fjerna karakter i sidemål, det andre at KrFU stør å ha karakter i både hovud- og sidemål.
Nyvald fylkesleiar i Hordaland, Emma Løvaas Akyeampong, ønskjer ikkje å endra politikken på sidemål i skulen.
– Det er ei viktig sak å støtta språkmangfaldet i Noreg. Me er fleire som vil snakka om kor viktig sidemålet er. Viss me ikkje har karakter i sidemål, blir det automatisk brukt mindre tid på sidemål, seier ho til Framtida.no.
Sjølv om ho skriv bokmål til vanleg, er Emma Løvaas Akyeampong medlem i Norsk Målungdom. Ho er difor glad for at programkomiteen har innstilt på å halda på dagens sidemålspolitikk.
LES OGSÅ: KrFU åtvarar Hareide mot Ap-samarbeid
– Bør prioritera eitt språk
Julia Sandstø, fylkesleiar i Akershus KrFU, ønskjer å endra politikken til KrFU.
– Me går inn for framlegget om felles karakter i norsk, eller valfritt sidemål. Når berre éin av fire lærer å lesa skikkeleg på skulen, så meiner me det bør prioriterast å læra eitt skriftspråk skikkeleg, seier Sandstø, som har med seg fylkeslaga i Finnmark, Hedmark, Rogaland og Østfold i saka.
Sandstø legg til at ho forstår argumenta for å halda på eigen karakter i sidemål, og gler seg til debatten.
LES OGSÅ: Høgre gir opp kampen mot mållova
Målungdommen åtvarar
– Me oppmodar KrFU til å vidareføra den gode språkpolitikken sin ved å gå inn for to skriftlege karakterar i norskfaget. Ein felles karakter vil vera ei nedprioritering av nynorsken og eit skifte i KrFU sin språkpolitikk, seier leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre.
Ho meiner det er viktig å ha skriftleg karaktervurdering i hovudmål og sidemål for å kunne dokumentere kompetansen, og for å sikra at det blir sett av nok tid og ressursar til naudsynt undervisning.
– Sjølv om framlegget for felles karakter inneheld ei vekting av hovud- og sidemål, vil det vere ei svekking av nynorsken å gå frå eigen karakter til 30 prosent av ein felles karakter. Det er ikkje akkurat eit problem i dag at elevar er for gode i nynorsk som sidemål, så ein bør heller satse på å betre sidemålsopplæringa enn å svekke sidemålet si stilling i skulen, avsluttar Synnøve Marie Sætre.
LES OGSÅ: Set smilefjes på språkpolitikken