– Heilt uakseptabelt, seier avdelingsleiar ved Sauda vidaregåande skule.

Even Emberland, Ryfylke.net
Even Emberland, Ryfylke.net

Saka var først publisert hjå Ryfylke.net

Elevar ved Sauda vidaregåande skule var involverte i ulukka som skjedde natt til fredag i førre veke. Bilen kolliderte i eit tre. To mindreårige elevar blei lettare skadd, og sjåføren er mistenkt for promillekøyring.

Avdelingsleiar ved skulen, Bård Lien, opplyser at dei for snautt to veker sidan fekk informasjon og blei klare over at det blant nokre elevar har vore festing på vekedagane, noko skulen vil til livs.

– Skulen si haldning til dette er heilt tydeleg. Festing og drikking på vekedagane er heilt uakseptabelt. Det er går ikkje saman med å vere elev her med tanke på den jobben og dei måla dei skal nå i skulekvardagen, seier Lien.

LES OGSÅ: Unge drikk og røyker mindre enn før

Ved Sauda vidaregåande skule er det mange hybelelevar. Sjølv om skulen har 30 hyblar å tilby på Campus Sauda, må mange av elevane finne seg hyblar og leilegheiter på den private marknaden.

Ved Campus Sauda har skulen mellom anna ein miljøarbeidar innom kvar morgon, i tillegg til at det er vaktteneste der heile døgnet.

Avdelingsleiaren opplyser at dei har opplevd særlege utfordringar rundt tre-fire hus kor utleigaren har leigd ut heile huset til fleire ungdommar. Etter at skulen blei varsla om festing på vekedagar av foreldre, har ein miljøarbeidar ved skulen følgt opp dei aktuelle husa.

LES OGSÅ: «Jonas» brukar cannabis dagleg. No vil han ta førarkort

Totalt er drygt 400 elevar knytt til Sauda vidaregåande skule. Talet på elevar på dei ulike linjene er med på å avgjere kor mykje pengar skulen kvart år får frå Rogaland fylkeskommune. Skulen i Sauda har i fleire år vore i ein posisjon kor det på fleire linjer er få elevar som avgjer om dei får pengar og støtte som svarar til ein heil klasse, eller til ein halv klasse. Elevar utanfrå er difor avgjerande for tilboda skulen har.

– Dei fleste skular tenker 8-16, og det fungerer for dei. Det kan ikkje me gjere. Me må spørje oss om kva som må til for at elevar har lyst til å komme til Sauda. Det hjelp ikkje å vere ein fagleg knakande god skule om elevane ikkje meistrar fritida. Me må vere ein skule med eit miljø som elevar og foreldre ser på som trygt, seier Lien.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE